Stillingar i Rogne barnehage - barnehagelærar og fagarbeider

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Stillingar i Rogne barnehage - barnehagelærar og fagarbeider
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer deg som har lyst til å bli ein del av teamet vårt i barnehagen.
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag

Rogne Barnehage er ein 3 -avdelings barnehage, med bygg frå 2015. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.

 

Følgjande stillingar er ledig:

  • 80% vikariat som pedagogisk leiar t.o.m. 14.08.24
  • 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeider
  • 100% engasjement som fagarbeider/assistent i perioden 01.04.24-14.08.24


Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
  • Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane 
  • Foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar til stilling som pedagogisk leiar
  • Andre med relevant utdanning kan bli vurdert om det ikkje er kvalifiserte søkjarar
  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget er ynskeleg for den faste  fagarbeiderstillinga. Til engasjementet kan det også vere aktuelt med helsefagleg utdanning/erfaring
  • Det er ynskjeleg med praksis frå barnehage


Det er krav om politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
  • Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
  • Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
  • Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
  • Ha humor og glede
  • Vere påliteleg
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4775343359

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast, Engasjement, Vikar

Søknadsfrist: 17.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
342718850
Sist endret
04. mars 2024 08:32