Inaktiv

Pedagogiske leiarar til barnehage (2. gongs utlysing)

Arbeidsgiver
Sande kommune, Oppvekst og kultur
Stillingstittel
Pedagogiske leiarar
Frist
03.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sande kommune søker pedagogiske leiarar til 100 % fast stilling frå 01.08.2024, eller etter avtale. Kommunen har fem barnehagar lokalisert ved Gjerdsvika, Larsnes, Haugelia (Gursken), Kvamsøya og Sandsøya. P.t er det ledig stilling i alle barnehagane. 

 

Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Barnehagane vil i samarbeid med heime gje borna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra borna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve. Dei tilsette skal jobbe for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, rettleie og gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid på di avdeling
  • Saman med kollegaer skal du skape eit godt miljø for leik og læring.
  • Saman med kollegaer skal du delta i leik, ute og inne.
  • Bidra til god dialog og samarbeid med foreldre

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Rettleiingskompetanse
  • Spesialpedagogisk kompetanse, eller erfaring frå spesialpedagogisk hjelp er ynskjeleg.
  • Kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og kreativ
  • Du har lyst til å lære frå deg, men har også lyst til å lære sjølv
  • Du tek initiativ til samspel og aktivitet
  • Du samarbeider godt med kollega
  • Du er tydeleg og trygg i vaksenrolla
  • Du er påliteleg og inkluderande

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og arbeidserfaring.

 

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit positivt og inkluderande miljø
  • Fagleg utvikling i eigen barnehage og felles i kommuna
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
  • God pensjonsordning

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista vert offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Trine Lise Auflem Vik, Einingsleiar Kvamsøy og Sandsøy, 45242139

Lisbeth Nykrem, Einingsleiar Haugelia, 48117554

Hege Beitveit, Einingsleiar Hauemarkja, 46890362

Anne Margrethe Dybvik-Hide, Einingsleiar Gjerdsvika, 91171324

Odd Gunnar Myhre, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 90195701

Arbeidsstad

Rønnebergplassen 17

6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune



Referansenr.: 4776374190

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
342718700
Sist endret
24. mars 2024 12:32