Pleieassistent til helgestilling

Arbeidsgiver
Medisinsk klinikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Pleieassistent 15% - på tvers i medisinsk klinikk
Frist
11.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 8 faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar 3. helg for deg med pleieerfaring. 

Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet inkludert overvaking av kritisk sjuke pasientar (MOE). Ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken. 

Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 1 nord - seksjon for hormon og nyresjukdommar, Medisin 1 vest - seksjon for fordøyingssjukdommar, Medisin 5 nord, seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisin post 6/MOE - overvakingspost og seksjon for infeksjonssjukdommar samt dialyseeininga. 



Arbeidsoppgåver

  • Gi god omsorg for pasient og pårørande
  • Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande
  • Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
  • Matservering
  • Skylleromsarbeid
  • Fastvakt

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
  • Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)

Personlege eigenskapar

  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team 
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt 
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp 
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet

Vi tilbyrn deg

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Kontaktinformasjon

Hege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar infeksjonssjukdommar, +47 55 97 37 03, hege.cecilie.sorby@helse-bergen.no

Øystein Nautvik, Seksjonsleiar nyre/ endokrinologi, 55973619, oystein.nautvik@helse-bergen.no

Hilde Margrethe S.Dale, Seksjonsleiar MOE/ overvakingseininga, 55973722

Ina Kobbeltvedt Endregaard, Seksjonsleiar blodsjukdommar, 55 97 37 06

Merete Favang, Seksjonsleiar fordøyelsessjukdommar, 55973603

Audhild Hannisdal Jørstad, Seksjonsleiar Dialysen, 48092221

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4774048642

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 11.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
342330012
Sist endret
04. mars 2024 07:34