Inaktiv

Barnevernskonsulent

Arbeidsgiver
Herøy kommune, seksjon for barnevern
Stillingstittel
Barnevernskonsulent
Frist
22.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Velkomen til deg som ynskjer å bidra i arbeid med utsette barn, unge og deira familiar, og som ynskjer å bidra til å utvikle barnevernstenesta vår vidare.

Vi har ledig ei fast, 100 prosents stilling som barnevernskonsulent frå 01.09.2024. Det kan vere ynskjeleg med tidlegare oppstart.

Det viktigaste arbeidsområdet som ligg til stillinga er sakshandsaming etter lov om barnevernstenester. Den vi tilsett vil få eit spesielt ansvar for å vere kontaktperson, følge opp barn og familie og fosterfamilie med tiltak og familierettleiing.

Barnevernstenesta er lokalisert på Eggesbønes i avdeling for barn, familie og helse. Avdelinga er samlokalisert med seksjon for førebygging (helsestasjonen), seksjon for psykisk helse og rus, og seksjon for rehabilitering. Seksjon for barnevern har ni tilsette og er organisert i team. 



Arbeidsoppgåver

  • vere kontaktperson for barn
  • samarbeide med barn og foreldre
  • utgreiing og oppfølging etter lov om barnevernsteneste
  • familierettleiing 
  • sakshandsaming for barnevern- og helsenemnd/rett
  • koordinering og evaluering
  • utøve god internkontroll

Du må rekne med ein del reiseverksemd og ubekvem arbeidstid.

Kvalifikasjonar

  • bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
  • sekundært annan helsefagleg eller pedagogisk utdanning minimum på bachelornivå
  • relevant vidareutdanning er svært ønskeleg
  • erfaring frå sakshandsaming i kommunalt barnevern er ein fordel
  • god kjennskap til lov om barnevernstenester og anna relevant lovverk
  • gode datakunnskapar
  • førarkort klasse B
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • evne til å tole pressa situasjonar og kjenslemessige påkjenningar
  • god evne til refleksjon, fleksibilitet og god handlingskomptanse
  • kan arbeide målretta, ha god struktur og gjennomføringsevne når det gjeld å iverksette og gjennomføre arbeidet i barnevernstenesta
  • utføre arbeidsoppgåvene med respekt for dei menneska ein arbeider med
  • vere etterretteleg og reflektert
  • ha evne til å finne positive løysingar og vere ein god støttespelar
  • god arbeidskapasitet og god evne til sjølvleiing, fleksibilitet og det å vere eigna vert vektlagt

Vi tilbyr

  • spennande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø
  • løn etter avtale
  • fleksitidsavtale
  • systematisk rettleiing
  • moglegheit til fagleg utvikling
  • inkluderande arbeidslivsverksemd
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Christine Riise Øvrelid, Seksjonsleiar barnevern, +47 90647560

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4769758386

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog, Sosionom
FINN-kode
342324451
Sist endret
15. mars 2024 09:59