Inaktiv

Vertar til Vitengarden

Arbeidsgiver
Jærmuseet
Stillingstittel
Vertar til Vitengarden
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vertejobben på Vitengarden

Kombiner skule med spanande jobb med fagleg relevans

Vitengarden, vitensenteret og museet på Nærbø søker skuleungdom som likar å formidla for barn og unge.

  • Resepsjon/butikk
  • Kafé
  • Utstilling
  • Publikumsaktivitetar
  • Servering

Allsidige arbeidsoppgåver. Du vil få god opplæring.

Arbeidstid: Annakvar sundag, feriar og kveldsarrangement.

Oppstart til hausten.

Me prioriterer vertar som kan jobba minimum 2 år hjå oss. Du må òg kunne jobba i nokre av skulen sine feriar, og minst 3 veker i sommarferien.


Om Vitengarden

Vitengarden er eit kombinert vitensenter og museum på Nærbø - midt i matfatet på Jæren.

På Vitengarden kan du læra ved å gjera. Interaktive utstillingar ute og inne fortel om landbruket på Jæren, moderne matproduksjon, energi, teknologi og natur.

Opplev museumsgarden med levande husdyr og eit gardsmiljø frå 1950-talet med gjess, høns, kyr, grisar og sauer.


Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
  • Du må gjerne ha interesse for realfag og historie
  • Du må gjerne ha interesse for mat og kafédrift
  • Du må gjerne ha interesse for dyr og gardsdrift
  • Du må vera utadvendt og imøtekomande
  • Du må kunne ta imot publikum på ein god måte
  • Du må kunne setja deg inn i faget eller historiar som skal formidlast
  • Du må kunne formidla både på norsk og engelsk
  • Du må ha fylt 15 år i løpet av 2024

Alle vertar må levera godkjent politiattest ved tilsetting.

Me vil gje gutar ei ekstra oppfordring om å søkja.


Jærmuseet tilbyr
  • God opplæring
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter tariffavtale
  • Rabattordningar for tilsette
  • Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
  • Moglegheit for ekstratimar ved arrangement
  • Spanande jobb som er god å ha på cv-en

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

Helene Østby Larsen, avdelingsdirektør

Telefon 45 25 48 17

Søknaden må sendast via jobbnorge.no


Sektor
Privat
Sted
Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Annet, Produksjon, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
342303597
Sist endret
12. mars 2024 10:23