Inaktiv

Postdoktor i undersøkande journalistikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor i undersøkande journalistikk
Frist
15.04.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktorstilling 

Vi søker ein ambisiøs forskar som vil vere med å utvikle og styrke fagmiljøets forsking og undervisning innan området undersøkande journalistikk. Postdoktoren vil vere knytt til Forskingsgruppa i journalistikk og i hovudsak ha undervisningsoppgåver ved instituttet sine bachelor- og masterprogram i journalistikk. Stillinga er fireårig og 25% av tida avsett til undervisning og anna pliktarbeid. Arbeidsstad er instituttet sine lokalar i Media City Bergen.

Journalistikk er eit sentralt forskings- og undervisningsområde ved instituttet. Sidan 2016 har fagmiljøet hatt ei strategisk satsing innan undersøkande journalistikk, mellom anna med ei PhD-stilling knytt til området, oppretting av ein master i undersøkande journalistikk, og etablering av Senter for undersøkande journalistikk (SUJO). SUJO har eit utstrekt samarbeid med leiande redaksjonelle media i Norge og organiserer ein erfaringsbasert master i undersøkande journalistikk. I Media City Bergen ligg og instituttet sitt Senter for forskingsdrevet innovasjon, MediaFutures: Research Centre for Responsible media Technology & Innovation.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Utlysinga er open for alle typar prosjekt innretta mot området undersøkande journalistikk. Eit mogleg forskingstema kan til dømes vere om og eventuelt korleis digital teknologi endrar vilkåra for og utøving av undersøkande journalistikk. Andre døme på tema kan vere gravejournalistikken sine metodar og arbeidsmåtar; maktrelasjonar i undersøkande journalistikk; etiske og profesjonsideologiske perspektiv; gravejournalistar i det journalistiske feltet; gravejournalistikk utanfor nyheitsinstitusjonen. Lista er kun døme og ikkje uttømande.

Søkjarar må levere ei prosjektskildring på 4-5 sider. Her må det gjerast greie for tema og problemstilling, samt for prosjektet sine bidrag til forskingsfeltet.

Postdoktoren vil arbeide i eit dynamisk, tverrfagleg og inkluderande akademisk og profesjonelt miljø ved Instituttets si avdeling i Media City Bergen, som er samlokalisert med leiande nasjonale nyheitsmedia og eit internasjonalt orientert medieteknologimiljø. 


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha oppnådd ph.d-grad eller tilsvarande i journalistikk, medievitskap, informasjonsvitskap eller andre relevante disiplinar – eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgrader er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert kjennskap til forsking innan undersøkande journalistikk
  • Erfaring frå journalistisk praksis er ein fordel
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å bidra til eit dynamisk og inkluderande forskingsmiljø
  • Kan nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.  


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskildring på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Årsløn som postdoktor, stillingskode 1352, NOK 615 700 (lønssteg 63 i det statlege regulativ) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Prosjektskildring på 4-5 sider
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 3)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist 15.4.24 . Søknaden skal merkast: 24/2961

Søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Instituttleder Marija Slavkovik (marija.slavkovik@uib.no) eller professor Leif Ove Larsen, (leif.larsen@uib.no).

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: Pernille Hole, pernille.hole@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
postboks 7802, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
342289622
Sist endret
01. mars 2024 11:11