Inaktiv

Sjukepleiestudent som pleieassistent til vikariat på helg

Arbeidsgiver
Avdeling hovud/hals og auge, Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiestudent som pleieassistent til vikariat på helg
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Avdeling Hovud/Hals og Auge har 2 ledige vikariat for 2 eller 3 års sjukepleiestudentar som pleieassistent 3. kvar helg frå snarleg. Vikariata er ledig i inntil 1 år med mogleg forlenging

Sengeposten har 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Stell og pleie av pasientar
  • Førefallande arbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid
  • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst og fleksibel

Vi tilbyr

  • Spennande avdeling med høgt fagleg nivå
  • Stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar 
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst



Mangfladserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Natallia Pashkouskaya, Assisterande avdelingssjukepleiar, 55973519

Kjersti Kleppestø Walde, Avdelingssjukepleiar, 55973502

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4758786661

Stillingsprosent: 20%

Vikariat

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
342282668
Sist endret
01. mars 2024 10:09