Inaktiv

Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.

Arbeidsgiver
Ferievikarar Molde sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2024 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Molde sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2024. Vi treng sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, assistentar og studentar innan sjukepleie og medisin. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 35:

  • Medisinsk sengepost A Molde
  • Medisinsk sengepost B Molde
  • Medisinsk poliklinikk Molde
  • Dialyse Molde
  • Kirurgisk sengepost A Molde
  • Kirurgisk sengepost B Molde
  • Nevrologisk sengepost Molde
  • Kirurgisk poliklinikk og dagkirurgi Molde
  • Kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal
  • Intensiv Molde

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Kvalifikasjonar

  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst


For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost A Molde, Mathilde.Stranden@helse-mr.no

Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A Molde, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.no

Karin Sjåholm Iversen, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk Molde, karin.sjaholm.iversen@helse-mr.no

Ida Gule, Seksjonsleiar, Kirurgisk poliklinikk og dagkirurgi Molde, Ida.Gule@helse-mr.no

Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, Kreftbehandling og palliasjon NR, 71122374, Ragnhild.Bjerkos@helse-mr.no

Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, Nevrologisk sengepost Molde, Monika.Bolsones.Knutsen@helse-mr.no

Charlotte Råmkes, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost B Molde, Charlotte.Ramkes@helse-mr.no

Mette Malme, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost B Molde, mette.malme@helse-mr.no

Camilla Stavik, Seksjonsleiar, Intensiv Molde, Camilla.Stavik@helse-mr.no

Ragnhild Brandshaug Vang, Seksjonsleiar, Dialyse Molde, Ragnhild.Brandshaug.Vang@helse-mr.no

Arbeidsstad

Molde sjukehus

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4733018289

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
50
Sted
Molde sjukehus, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
342281057
Sist endret
25. mars 2024 11:30