Inaktiv

Ønsker du å bidra til at fleire kan lukkast med arbeid eller utdanning?

Arbeidsgiver
NAV Alver søker metoderettleiar i tiltaket Arbeid med støtte
Stillingstittel
Metoderettleiar/jobbspesialist
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du trua på at alle kan få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å bidra slik at fleire kan lukkast med arbeid eller utdanning? Er du god på kommunikasjon og relasjonsbygging? Då kan dette vere ein jobb for deg. 

NAV Alver søker deg som ønsker å jobbe som metoderettleiar og jobbspesialist i tiltaket Arbeid med støtte i region Nordhordland. Arbeid med støtte er eit jobbretta tiltak som gir tett oppfølging til arbeidssøkarar. Stillinga er todelt med ansvar både som metoderettleiar og jobbspesialist.

Som metoderettleiar blir du fagleg leiar for eit jobbspesialistteam som i dag består av tre andre jobbspesialistar. Du skal motivere teamet til å levere tenester etter retningslinjene for Supported Employment-metodikk. Det er viktig at du som metoderettleiar legg til rette for eit godt og trygt arbeidsmiljø i teamet. Du vil som jobbspesialist få eigen portefølje med arbeidssøkarar som treng tett oppfølging, og du vil samarbeide tett med arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. 

Teamet av jobbspesialistar har levert gode resultat over tid, og du vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø med kjekke og engasjerte kollegaer. 
I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for rettleiing og utvikling av jobbspesialistar, i gruppe og individuelt
  • Sikre at teamet jobbar etter Supported Employment-metodikk
  • Mål- resultat- og rapporteringsansvar
  • Følge opp eigen portefølje med arbeidssøkarar
  • Identifisere arbeidssøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, samt matche med riktige jobbar og arbeidsgivarar
  • Koordinere og bidra til samarbeid mellom NAV, aktuelle samarbeidspartar, arbeidsgivarar og arbeidssøkarar i tiltaket

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • rettleiingskompetanse
  • god digital kompetanse
  • førarkort kl. B

Vi ønsker at du har: 

  • erfaring frå arbeid som jobbspesialist 
  • kjennskap til Supported Employment 
  • inkluderingskompetanse
  • gode kommunikasjonsferdigheiter
  • forståing av arbeidsmarknad og jobbsøkeprosess

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.

Personlege eigenskapar

  • du er sjølvstendig og har evne til struktur og planlegging
  • du er målretta og resultatorientert
  • du er motiverande og skapar tillit og gode relasjoner

Vi tilbyr

  • Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
  • Ein spennande og utfordrande jobb med gode høve for personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
  • Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar / 1364 seniorrådgivar avhengig av kvalifikasjonar. Lønsspennet er frå kr. 604.900 - 657.300 per år (tilsvarande ltr. 62 til 67). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. 

Kontaktinformasjon

Inger Lise Brekke, Avdelingsleiar, 91724947, inger.lise.brekke@nav.no

Arbeidsstad

Kvernhushaugane 2

5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV



Referansenr.: 4759764959

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Konsulent, HR, personal og rekruttering
FINN-kode
342269924
Sist endret
01. mars 2024 07:27