Inaktiv

Trainee for nyutdanna sjukepleiarar

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune HR
Frist
28.04.2024

Beskrivelse

Kombinert fast jobb i kommune og på sjukehus

 

Ullensvang kommune og Helse Fonna, Odda Sjukehus, har gleda av å lyse ut sjukepleiar stillingar til eit prosjekt innafor traineeordning.

Traineeprogrammet er for nyutdanna sjukepleiarar og opptil 2 års erfaring. Oppstart traineeprogram frå september 2024.

Det vert gitt tilbod om 100% fast jobb frå fyrste arbeidsdag og traineeperioden går over to år. Traineeordninga vil gje deg god kompetanse med variert praksis.

Det er eit styrt løp med 2 arbeidsperiodar fordelt på eit år i kommune og eit år på sjukehus.

 

  • Program for traineeperioden vert presentert før tilsetting  

  • Du går inn i dagleg drift etter opplæring på de ulike verksemda 

  • Fagleg rettleiing undervegs vert tilpassa verksemda du er i

  • Erfaringsutveksling med noverande trainee sjukepleiarar

  • Rekrutteringsavtale med eigen tilskotsordning for Ullensvang kommune

                                                                    

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleisroppgåver 

  • Sikre god dokumentasjon i gjeldande fagsystem

  • Vera ein god rollemodell og bidra aktivt i utviklingsprosessar

  • Bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon 

  • Du må meistra godt norsk språk, både munnleg og skriftleg

  • Søkjar bør ha gode datakunnskaper

  • Gyldig politiattest 

                                                                            

Personlege eigenskapar:  

  • Du er lærevillig og fagleg engasjert                                                                                                         

  • Du har evne til arbeide sjølvstendig og i team

  • Du er strukturert og tar ansvar for at oppgåver vert gjort 

  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er løysingsorientert

                                                              

Vi tilbyr: 

  • Kick-start på karrieren din som sjukepleiar,  der du får erfaring både frå sjukehuspraksis og kommunehelsetenesta

  • Spennande og utfordrande jobb med variert praksis 

  • Avsatt tid der du har moglegheit til fagutvikling og konkret rettleiing.

 

I søknaden må du leggja ved vitnemål frå sjukepleiarutdanninga og referansar som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid.




Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
2
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
342085181
Sist endret
03. apr. 2024 11:14