Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Auge Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
06.05.2024

Beskrivelse

Spennande vikariat for sjukepleiar, kombinert poliklinikk og akuttmottak.

Stillingsprosenten er fordelt med 82,4% augepoliklinikken SNR, og kvar 3.helg med 17,6% i akuttmottak (skadepol).

Augepoliklinikken er ein kirurgisk seksjon, kor sjukepleiarane koordinerar på operasjonsstove og har eigen injeksjonspoliklinikk, gir pre- postoperativ sjukepleie for pasientar som skal opererast for katarakt og tar forskjellige diagnostiske forundersøkingar for legane.

I dette vikariatet får du moglegheit til å lære mykje nytt innan for augefaget, samtidig som du får prøvd deg på helg med diverse sår, brudd og andre akutte skader.
Her er det potensiale for å vere med på å styre eigen kvardag, samtidig som du får variasjon i arbeidsoppgåvene.

Arbeidsstad er pr. dags dato Molde sjukehus, men eit nytt sjukehus byggjast på Hjelset, og vi vil ta i bruk heilt nye arbeidslokale frå våren 2025.

Høyrast dette ut som noko for deg? Har du godt humør, gode samarbeidsevner, er initiativrik, strukturert og målbevisst? Ja, då er nettopp du den vi søkjer. Forventa oppstart er snarast mogeleg.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Diagnostiske forundersøkingar
  • Injeksjonspoliklinikk (med eigen plan for opplæring)
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til kataraktpasientar
  • Assistere på operasjonsstova ved kataraktoperasjonar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Flytande norsk, munnleg og skriftleg
  • Beherske IKT-verktøy
  • Opptatt av kompetanseheving og fageleg utvikling
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan auge-fag og/eller kirurgiske fag, men dette er ikkje naudsynt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er positiv, har godt humør, har engasjement og interesse for faget og er med på å bidra til eit godt samarbeid
  • Gode kommunikasjonskunnskaper
  • Strukturert og ryddig
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marina Elnes, Seksjonsleiar, marina.elnes@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkveien 84

6412 MOLDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4775963543

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Sluttdato: 01.07.2025

Søknadsfrist: 14.03.2024


Sted
Parkveien 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
342085179
Sist endret
22. apr. 2024 01:10