Inaktiv

Arkivleiar

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Arkivleiar
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stryn kommune har ledig 100 % stilling som arkivleiar.

Vil du vere ein pådrivar for digitalisering og effektivisering av arbeidsprossessar og dokumentflyt?

Som arkivleiar har du eit yrke for framtida. Det digitale samfunnet har enorme mengder data og informasjon som skal forvaltast  og arkiverast både for bruk i dag og for framtida. Du blir tilsett på avdeling for service, kommunikasjon og IKT, og til dagleg arbeider du i eit team med to andre. 
Arkivleiar har det overordna faglege ansvaret for kommunen sitt arkiv i alle fagsystem.  

Vi søkjer ein person som er nøyaktig, allsidig og har eit sterkt fagleg engasjement. Vi kan tilby ein spennande jobb med varierte og utfordrande oppgåver.

 

Arbeidsoppgåver

  • Systemansvarleg for kommunen sitt saksbehandlingssystem og modul for politiske saker og møter. 
  • Ansvar for alle arkivsystem i kommunen.
  • Ajourhald av arkivplan.
  • Brukarstøtte for sak og arkivsystem.
  • Samarbeid i nettverk for arkiv i Nordfjord.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med relevant høgare utdanning.
  • Ynskjeleg med erfaring frå stilling knytt til arkiv, gjerne som arkivleiar.
  • Kunnskap og erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling er ein fordel.
  • Svært god IT- kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Du bør vere nøyaktig, strukturert og ryddig, og til ei kvar tid kunne ha oversikt over store mengder informasjon.
  • Du må vere serviceinnstilt og kunne formidle kunnskap.
  • Gode samarbeidseigenskapar.
  • Er positiv til utvikling og forbedring
  • Høg grad av sjølvstendigheit i arbeidet

Vi tilbyr

  • Spennande og krevande arbeidsoppgåver
  • Mogleg for fagleg og personleg utvikling
  • Eit levande fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit hyggeleg og trygt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt
  • Eit godt utvikla tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Anna Bringsvor Egedahl, Leiar, 477 58 777

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune



Referansenr.: 4774069340

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.03.2024


Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Saksbehandler
FINN-kode
342085045
Sist endret
29. feb. 2024 07:04