Inaktiv

Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi

Arbeidsgiver
Ortopediske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF - Molde sjukehus
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil DU bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi!

Avdeling for ortopedi SNR har ledig fast stilling for lege i spesialisering (LIS 3) innan ortopedisk kirurgi. Tilsetting frå snarast, eller etter nærmere avtale med seksjonsleiar.

Avdelinga har drift både i Molde og Kristiansund. Frå 2025 jobber vi saman i det toppmoderne sjukehuset på Hjelset og avansert dagkirurgi i Kristiansund.

Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.
I Molde har vi 6 overlegar og 3 LIS 2/3. I Kristiansund har vi 10 overlegar (1 professor, 2 førsteamanuensis, 6 PhD`ar), 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1
I avdeling for ortopedi har vi sengepostar, fast-track protesekirurgi, dagkirurgi eining. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes-fot, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av
kompliserte sår, fotkirurgi og eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår i traumeteamet. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.

Vidare kan avdelinga tilby:

  • Multidisiplinær behandling
  • Skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk samt akuttmottak
  • Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering
  • Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid
  • AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi
  • Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien
  • Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc.
  • Utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet
  • Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre

Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetesføtter, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår og av eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår her i traumeteamet.

Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga publiserar ei rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi tilbyr veilederkompetanse både for doktorgrads- og mastergrad-prosjekter. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde. Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert. Hos oss gis kniven videre.

Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat!



Arbeidsoppgåver

Du får varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi:

  • Vaktarbeid
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • Deltaking i undervisning og kvalitetsforbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført og godkjent LIS1 teneste eller turnusteneste etter gamal ordning
  • Relevante tilleggskvalifikasjoner vektleggast
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Dersom det ikkje vert aktuelle søkarar til LIS-stillinga, vil vi vurdere å tilsette autorisert lege som ventar på LIS1-stilling. Medisinstudentar med lisens kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Du liker varierte utfordringar
  • Du har interesse for ortopedi og forskning
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Kontaktinformasjon

Marianne Folkestad, Konstituert seksjonsleder, +47 71120000

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4776251769

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
342001617
Sist endret
17. apr. 2024 12:00