Inaktiv

Styrar i Dale barnehage

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Styrar i Dale barnehage
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Er du på jakt etter nye utfordringar? Vert du motivert av utviklingsarbeid og å lage ein god kvardag for store og små?
Då vil vi gjerne ha deg som kollega!

Dale barnehage har ledig 100 % fast stilling som styrar frå 1. august 2024
Barnehagen er godkjend for barn 1-5 år og har to avdelingar. Den ligg sentralt plassert på Dale og vi har lett tilgang til bibliotek, basseng og fine turområder.

Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.


Arbeidsoppgaver

Vi ser etter ein styrar som

•    Er ein tydeleg leier som ser løysingar og vågar å gå nye veger når det gjeld pedagogisk utvikling, ressursbruk og organisering
•    Vil utvikle barnehagen i nært samarbeid med personalet, foreldra og andre kommunale tenester
•    Kan motivere personalet i arbeidet med å skape eit godt og trygt miljø for alle
•    Er pådrivar i å utvikle barnehagen i samsvar med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunalt og nasjonalt planverk
•    Har god kjennskap til HMT-arbeid og kommunale systemer
 


Kvalifikasjonskrav
  • Godkjend utdanning som barnehagelærar
  • Stabil og påliteleg
  • Tilleggsutdanning i administrasjon og leiing, tidligare leiarerfaringer, personlege eigenskaper og at ein er skikka for stillinga vil bli vurdert ved tilsetting

Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja. 

Godkjent politiattest og eigenerklæring om tuberkulose må leggjast fram ved tilsetjing.


Vi tilbyr

Lønsvilkår
Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
 


Spørsmål om stillingen

Einingsleiar Gunn E Melgård Aase, 41 23 35 85, gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no 


Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjegata 3, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
341854728
Sist endret
28. feb. 2024 02:27