Inaktiv

Miljøterapeut

Arbeidsgiver
Bu- og avlastning, Vanylven kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
16.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kan DU tenkje deg ein spennande og utfordrande jobb ved avdeling Bu og avlastning?


Vi kjenneteiknas av eit høgt tverrfagleg nivå og yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring, avlastning og  helsetenester. Tenesteytarane nyttar målretta miljøarbeid ved å motiverer og legg til rette for aktivitet, meistring og livsglede i daglegdagse gjeremål. Vårt fokus på fag og kvalitet har ført til at vi i 2019 innførte fagdag i turnus, og nyttar alternativ arbeidstidsordning med vakter på inntil 12,5 timar og inntil 65 timar pr. veke. 

Stillinga krev evne til å mobilisere fagkunnskap, samarbeid med pårørande og andre organisasjonar, pågangsmot og evne til omstilling og endring.  

Avdeling Bu og avlastning- AVLASTNINGA  har heildøgnsteneste og avlastning med 3 bustadar. 

Avdelinga har i dag ledig:

Inntil 100 % fast stilling som Miljøterapeut med arbeid kvar fjerde helg frå 01.mai 2024. 

52% fast stilling som Miljøterapeut med arbeid på dagtid mellom 08.00-16.30 på vekedager og arbeid anna kvar laurdag frå 09.00-16.00.



Arbeidsoppgåver

  • Følgje etablerte rutinar og instruksar på enheten.
  • Målretta miljøarbeid herunder rettleiing, motivering, opplæring, tilrettelegging og utforming av tiltak. 
  • Fagleg ansvar som terapeut for ein eller fleire bebuarar, herunder utarbeide tiltaksplanar og koordinering av tenestane.
  • Yte praktisk bistand i tråd med gjeldande lover, vedtak og rutinar. 
  • Samarbeide med verje og/eller pårørande.
  • Tilrettelegge for variert og godt aktivitetstilbod for bebuarane.
  • Rettleiing og kompetansehevande arbeid.
  • Legemiddelhandtering.
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesten.
  • Arbeid knytta til lov om helse- og omsorgstjenester kapittel 9.
  • Arbeid i team rundt enkeltbrukarar med utfordrande atferd.
 

Kvalifikasjonar

  • 3 årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog, men andre kan og vurderast. 
  • Gjerne erfaring frå målretta miljøarbeid og utfordrande åtferd.
  • Relasjonskompetanse.
  • Gode norsk kunnskapar både skriftlig og munnleg.
  • Gyldig politiattest.
  • Førarkort klasse B, manuell gir.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein fagperson som er strukturert, effektiv og motivert, med evne til å løyse faglege utfordringar i kombinasjon med god omsorgsevne.
  • Vi er rollemodeller for tenestemottakarane, og du må derfor reflektere over eigen åtferd.
  • Kunne handtere krevjande situasjonar.
  • Gode samarbeidsevner og kunne medverke til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Bidra til sjølvbestemmelse, utvikling, innkludering og deltaking.

Vi tilbyr

  • Faglige utfordringar.
  • Gode pensjonsordningar.
  • Gode forsikringsordningar.
  • Lønn etter tariff. 
  • 15% årleg studielånnedskriving, inntil kr 28.000,- i året ( Finnmarksmodellen) for nytilsette med bustadadresse i Vanylven.
  • Tillegg på kr 30.000,- årleg for sjukepleiarar og vernepleiarar ( 2000,- for andre høgskulegrupper).
  • Tillegg på kr 6000,-  årleg for fagorganiserte med høgskuleutdanning. 
  • Kommunen kan legge til rette for overnatting i arbeidsperiodene.
  • Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Anne May Sætrevik, avdelingsleiar bu- og avlastning, +47 70030172

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune



Referansenr.: 4770103326

Stillingsprosent: 100, 52%

Fast

Søknadsfrist: 15.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
341323590
Sist endret
28. feb. 2024 02:37