Inaktiv

Bokn kommune søkjer etter 100% miljøterapeut

Arbeidsgiver
Bokn kommune Bokn skule
Stillingstittel
Miljøterapeut ved Bokn skule
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vårt nye stjerneskot som skal bli med på laget? Er du ein god og tydeleg vaksen, oppteken av å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø og ser etter det beste hos elevar og kollegaer? Bli med! Me har ein ledig i 100 % stilling i skule og SFO.

Me ser etter deg som er genuint interessert i målretta systematisk miljøarbeid og utvikling i arbeid med elevar som av ulike årsaker har behov for ekstra støtte og rettleiing. Miljøterapeuten vil ha eit særskilt ansvar for den generelle delen av læreplanen og vera ein støtte for kollegaer ved utvikling av trygt og godt skolemiljø. Du vil og vera med på å vidareutvikla vårt forsvarlege system for elevoppfølging.  Samarbeid med andre etatar og fag blir viktig i arbeidet. Du vil arbeide både direkte med elevane og med utviklings- og systemarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i skulen sitt strategiske arbeid med elevars skulemiljø
  • Organisera og skapa ein god og trygg arena for leik, kreativitet og sosial kompetanse
  • Arbeida med elevar med ulike åtferdsvanskar
  • Tilsyn og aktivisering ute
  • Vera ein rettleiar på individ-, gruppe- og systemnivå.
  • Bidra til forbetring av klassemiljø på trinn med utfordringar.
  • Bidra til godt heim-skule-samarbeid på individ-, gruppe-, og systemnivå.
  • Deltaking i tverrfaglege møter, internt og eksternt.
  • Samarbeid med frivillige organosasjonar og noko kveldsarbeid
  • Samarbeid med aktuelle tenester i andre etatar.

 Kvalifikasjonar

 Me ynskjer personar med 3-årig høgskule- og universitetsutdanning (barnevernspedagog, politi, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant 3-årig høgskuleutdanning)

  • Erfaring frå arbeid i skule eller samarbeid med skule, og som følge av det ha forståing av skulefeltet
  • Ha erfaring med barn med ulike styrker og utfordringar.
  • At du er personleg eigna vil bli tillagt stor vekt
  • Førarkort klasse B
  • Politiattest krevst

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Kan gi og ta imot rettleiing

 Me kan tilby:

  • Ein variert og spanande arbeidskvardag
  • Moglegheit til å hjelpa barn og ungdom til å oppfylla og utvikla sitt potensiale
  • Godt arbeidsmiljø med positive og ivrige elever, dedikerte tilsette og engasjerte foreldre
  • Offensiv teamjobbing og moglegheiter for å påverka eigen arbeidssituasjon innanfor gitte rammer
  • Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lovar og tariffavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar


Det må reknast med ei gjennomsnitt utrekning av arbeidstida slik at det kan bli arbeidsveker ut over normal arbeidstid (37,5 t). Deler av arbeidet vil utførast i elevane sine undervisningsfrie periodar.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
341216688
Sist endret
20. mars 2024 08:45