Inaktiv

Vernepleiar/sjukepleiar/sosionom/barnevernspedagog

Arbeidsgiver
Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar/sosionom/barnevernspedagog
Frist
06.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst å prøve deg i ein kjekk og utfordrande jobb innan rusfeltet i spesialisthelsetenesta?
Vi har eit ledig vikariat i 100 % stilling for deg med 3-årig bachelor i helse og sosialfag. Stillinga er p.t turnus med arbeid kvar 6.helg. Tilsetting er ønskeleg så snart som mogleg.  

TSB langtidsdøgn Molde er ein døgnseksjon i Avdeling for Tverrfaglig spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal.
Seksjonen har 15 sengeplassar. Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroidar og spel, ofte også med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med kjensleregulering og traumelidingar. Pasientane er innlagd i 26 veker.

Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg samansett og inkluderar legar, psykologar og 3-årig helse- og sosialfaglege medarbeidarar, mange med vidareutdanning. Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretek heile pasienten. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Behandlinga ved seksjonen innheld gruppeterapi, miljøterapi, treningsterapi og individualterapi. Vi er opptekne av å samarbeide med kommunane og andre samarbeidspartnarar for å få til eit best mogleg behandlingsforløp for pasientane. 
Seksjonen har implementert traumebehandling (Narrativ eksponeringsterapi) og DBT (Dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Vi har eit pågåande doktorgradsløp på dette.



Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi
  • Individualsamtalar 
  • Gruppeterapi
  • Treningsterapi
  • Ulike oppgåver i forbindelse med behandlingsforløpa 
  • Deltaking i tverrfaglege møter
  • Medikamenthandtering
  • Delta på ulike aktivitetar saman med pasientane

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i 3-årig helse- eller sosialfag
  • Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B, med manuell gir

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og endringsorientert
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har god arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, ann.kristin.lillebostad.hovden@helse-mr.no

Øyvind Dahl Indbjør, Ass. seksjonsleiar, 712 19800, Oyvind.Dahl.Indbjor@helse-mr.no

Arbeidssted

Glomstuvegen 50

6411 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4766383998

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.03.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 06.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Glomstuvegen 50, 6411 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
341136609
Sist endret
28. feb. 2024 02:40