Inaktiv

Er du engasjert i å arbeide med sårbare barn, unge og familiar?

Arbeidsgiver
Ål kommune Oppvekstsektoren
Stillingstittel
Miljøterapeutisk team
Frist
06.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har no 2 x 100% mellombels stillingar som miljøterapeut frå 01.03.24 til 31.12.24

Ål kommune opprettar eit miljøterapeutisk team som prøveprosjekt i 2024.  

Målgruppa for dette tiltaket er born og unge som strevar med åtferdsvanskar, traumeproblematikk, sosiale og emosjonelle vanskar og andre sterke kjensleuttrykk som gjer det vanskeleg for born og vaksne i barnehage og skule.

Teamet skal jobbe tett med skulene og barnehagane i Ål. Teamet skal kunne tilby miljøterapeutisk bistand gjennom tilrettelegging, veiledning, kompetanseheving og støtte i barnhage, skule og heim.  Fokus kan vera oppfølging av einskildborn, trivsel og trygge klassemiljø for alle, gruppetilbod og tverrfagleg samarbeid.  

Det skal jobbast med å stabilisere utfordrande situasjonar for born og vaksne, dessutan laga trygge og gode system for at teamet etterkvart kan trekke seg ut. Teamet skal samarbeide tett med dei som er tettast på born og unge ute i oppvekstsektoren, slik at medarbeidarane i skule og barnehage blir trygga og rusta til å halde tak i arbeidet før, under og etter ein krevjande periode.

Teamet skal jobbe tett saman med medarbeidarar ved den einskilde skole/barnehage, spesielt miljørettleiarane som allereie er tilsette i avdelinga. Teamet skal dessutan samarbeide tett saman med aktuelle samarbeidspartar frå t.d. Familiens hus, barneverntenesta, KE og BUP. Kompetanse og erfaringar må overførast til dei vaksne som jobbar rundt borna/ungdommane  i kvar avdeling.

Teamet blir organisatorisk knytt til kommunalsjef oppvekst.

Kvalifikasjonar

  • brei utdanning og kompetanse knytt til arbeid  med sårbare barn, unge og familiar

Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • har motivasjon og interesse for sårbare barn og unge
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har pågangsmot og engasjement
  • er påliteleg og positiv
  • er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • meiningsfullt og gjevande arbeid
  • engasjerte kollegaer
  • utviklande fagmiljø
  • godt arbeidsmiljø
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog
FINN-kode
341128094
Sist endret
28. feb. 2024 02:41