Inaktiv

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar natt
Frist
07.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 1-års vikariat i 100 % stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar/spesialvernepleiar/vernepleiar ved Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR Ålesund.

Stillinga er f.t. på natt. Vi tilbyr f.t. langvakter 12,5 time med arbeid kvar 4. helg og ordinær nattevaktturnus. Langvakter natt 12,5 time er frå klokka 19:30-08:00 eller nattevakt 10 timar frå klokka 21:45-07:45.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderspsykiatri Sunnmøre. Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR er ein fylkesdekkjande sikkerheitsseksjon som tek imot pasientar med samansette utfordringar innan psykisk helse, rus- og voldsproblematikk. Seksjonen har eit tett og nært samarbeid med andre seksjonar i avdelinga, Sikkerhetspost B (Hjelset), med Regional Sikkerhetsavdeling Østmarka og med fyrstelinetenesta.

Vi arbeidar tett saman i tverrfaglegeteam med fokus på pasient- og personalsikkerheit. Arbeidet består i oppfølging av pasientar inne i seksjonen og poliklinisk ambulant verksemd. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med god fordeling av kjønn og stort aldersspenn, høg tverrfagleg kompetanse innan målområdet og tydeleg fagleg fokus.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Deltaking og rettleiing i aktivitetstilbod til pasientane
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Fylgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Ansvarsvakt og medisinansvar med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar/vernepleiar
  • Gjerne vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring fra psykiatri er ein fordel, men ikkje noko krav

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å jobbe langsiktig og strategisk
  • Du har evne til å stå i krevjande situasjonar
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer mykje i organisasjonen vår
  • Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggjer
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du er godt fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Du er strukturert, ansvarbevisst og trivast med å arbeide i team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein arbeidsplass som ligg i i hjartet av Sunnmøre. Personalet og pasientar er ofte på tur i vårt vakre
    nærmiljø.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Anne-Lise Eriksen Verpeide, Konstituert seksjonsleiar, +47 93063008, Anne-Lise.Eriksen.Verpeide@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4772450534
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2024
Sluttdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 07.03.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
341125745
Sist endret
28. feb. 2024 02:41