Inaktiv

Flyktningkonsulent

Arbeidsgiver
Vinje Kommune Integreringstenesta
Stillingstittel
Flyktningkonsulent
Frist
16.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget?


Integreringsarbeidet i Vinje kommune er i utvikling og me leitar etter deg som er motivert og engasjert og ynskjer å bidra med kompetanse og kunnskap innan dette feltet.


Etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), tek Vinje kommune imot 40 flyktningar i 2024. Me skal utvide vårt team, og me trenger ein medarbeidar med helsefagleg kompetanse for å styrke teamet. Då vil det vere 5,3 stillingar i integreringsteamet.


Arbeidet i integreringstenesta inneber å jobbe med busetting, etablering, kvalifisering og integrering. Målet er å fylgje opp flyktningane i kommunen, slik at dei raskast mogleg finn seg til rette i lokalsamfunnet og blir sjølvstendige og aktive medborgarar. Tenesta har ansvar for introduksjonsprogrammet og samarbeider tett med vaksenopplæringa i kommunen om gjennomføringa av programmet.


Integreringstenesta har også ansvar for oppfylging av flyktningane i samarbeide med andre tenester i kommunen i inntil fem år etter busetting i kommunen.


Arbeidsoppgåver


  • Ta imot og hjelpe nye flyktningar i etableringsfasen
  • Praktisk tilrettelegging og rettleiing av enkeltpersonar og familie, bl.a. i bruk av helsetenesta.
  • Koordinere og iverksette individuelt tilpassa introduksjonsprogram
  • Oppfylging av enkeltdeltakarar gjennom introduksjonsprogrammet
  • Undervisning / rettleiing
  • Samarbeid med andre tenestar i kommunen, legetenesta, psykisk helse mm. og aktuelle instansar som NAV, politi og IMDI
  • Samarbeid med næringsliv og frivillige organisasjonar
  • Kartlegging og sakshandsaming

Kvalifikasjonar


  • relevant 3- årig utdanning på bachlornivå
  • helse- og sosialfagleg kompetanse er ein fordel
  • Ynskjeleg med erfaring frå tverrkulturelt arbeid og integrering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Me søker deg som


  • Er engasjert , likar utfordringar og er løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Er systematisk, pliktoppfyllande og fleksibel
  • Har evne til å skape tillit, gode møte og bygge relasjonar
  • Har erfaring med eller interesse for tverrkulturelt arbeid og integrering
  • Er positiv og imøtekomande

Personlege eigenskapar og motivasjon vert vektlagd


Me kan tilby


  • ein variert og spennande arbeidskvardag
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings --og pensjonsordningar

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Annet, Saksbehandler
FINN-kode
341113530
Sist endret
28. feb. 2024 02:42