Inaktiv

Fagarbeidar inntil 200% vikariat skuleåret 2024-2025

Arbeidsgiver
Åmot Skule
Stillingstittel
Fagarbeidere (skolefritidsordning)
Frist
26.02.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1.-10. skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne, av desse er om lag 60 tilknytt SFO. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.


Fagarbeidar inntil 200% vikariat frå 01.08.24 - 31.07.25


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring frå liknande arbeid.


Arbeidsoppgåver


  • Assistent i skulefritidsordninga
  • Assistent i skule med einskildelevar/grupper/klasser
  • Planlegge og legge til rette for leik, aktivitetar, SFO-måltid og samhandling med barn, både ute og inne
  • Arbeid i skulen sine feriar må påbereknast

Kvalifikasjonar


  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Vernepleiar
  • Annan utdanning retta mot elevar i skulen vert også vurdert
  • Erfaring frå liknande arbeid i skule/SFO kan kompensere for utdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelegging er ynskjeleg
  • Gode munnlege og skriftlege nynorskferdigheitar

Personlege eigenskapar


  • Du er trygg, raus og tydeleg
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheitar for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert i leik og samhandling med barn

Me tilbyr


  • Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne
  • Eit engasjert elevråd
  • Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon


  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette.


Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.


Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet.


Skulle det bli ledig fleire lærar-/fagarbeidar-/assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombels eller faste) fram mot 01.08.23 vil ein vurdere å tilsetje etter same søkjarliste.


Søknad skal sendast på elektronisk skjema.


++Lenke til søknadsskjema finn du her++


Velkomen som søkjar!

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Raulandsvegen 58, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
341093920
Sist endret
21. feb. 2024 09:35