Inaktiv

Vernepleiar/sjukepleiar - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar - 100 % fast stilling
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert vernepleiar eller sjukepleiar med eit stort hjarte for å arbeide med personar med ulike funskjonsnedsettingar? Då kan dette vere stillinga for deg! 
Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar i turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Stillinga er ledig frå omgåande.

Vi arbeider for at den enkelte bebuar skal ha ein god kvardag med individuelt tilpassa innhald og vi ynskjer ein engasjert, reflektert og myndiggjort medarbeidar.
Dersom du vert tilsett hjå oss vil du få moglegheit til å arbeide innan fagområde som somatikk og miljøterapeutiske tenester. Du vil få moglegheit til å arbeide mellom anna innanfor område som Helse og omsorgstenestelova kap. 9 og legemiddelhandtering.
Vi søkjer deg som brenn for å sikre gode tenester til menneske med utviklingshemming.
Du er fagleg engasjert, likar å arbeide for god kvalitet i tenestene, sjølvstendig og ilag med andre

Arbeidsstad pr tida er Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven avd. Klokkerhaugen

Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven er ei eining som gir tenester til personar med samansette behov.
Eininga består av eit dagsenter, 4 bufellesskap, barne - og avlastningsbustad, avlastningstiltak, støttekontakterog rus- /psykiatritenesta. Eininga har 62 årsverk.



Arbeidsoppgåver

  • Våre vernepleiarar/sjukepleiarar skal i samarbeid med kollegaer tilrettelegge for miljøretta arbeid for brukarane
  • Målet er å fremje trvisel og livskvalitet
  • Sentrale oppgåver er dokumentasjon og sakshandsaming knytt til kap 9 (hotl) når det gjeld førebygging av tvang og makt
  • Utarbeide rutiner og planlegging av godt miljøarbeid og andre helse og omsorgsoppgåver
  • Legemiddelhandtering og arbeidsoppgåver knytt til dette

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, andre med tilsvarande utdanning kan og søkje.
  • Førerkort klasse B
  • Du må kunne halde deg fagleg oppdatert
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ta sjølvstendige avgjerdsler når situasjonen krev det.
  • Du er positiv til andre, glad i å arbeide, og vektlegg å samarbeida godt med andre. Du har eit personleg engasjement for brukergruppa.

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det.
  • Søkjar må kunne takle utfordrande åtferd , kunne stå i slike situasjoner og følgje prosedyrer.
  • Du er tolmodig og empatisk, og har stor respekt for brukarane og deira ønske og behov.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn etter tariff
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
 
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, +4791009625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad



 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4772409840

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
341001341
Sist endret
03. apr. 2024 10:50