Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
03.03.2024

Beskrivelse

Vil du jobbe hos oss på seksjon for medisinsk sengepost 2 ved Klinikk Ålesund sjukehus? Vi søkjer no etter sjukepleiarar.

Medisinsk avdeling post er ein heildøgns sengepost med 24 senger, med fagområda nefrologi, endokrinologi, infeksjon og
gastroenterologi. Avdelinga tek òg imot pasientar med generelle indremedisinske
problemstillingar. Vi har eit godt samarbeid mellom fagfelta og dei ulike
yrkesgruppene, der ein arbeider tett saman med medisinske poliklinikkar.
Avdelinga kan tilby varierte og spanande arbeidsoppgåver.

Avdelinga har fadderordning for nytilsette, og naudsynt opplæring vil bli gitt. Som nytilsett vil ein primært
arbeide med eit fagområde og arbeide tett samen i team med andre sjukepleiarar
og helsefagarbeidarar. Dei tilsette ved sengeposten er fagleg dyktige og
engasjerte. Avdelinga har eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi legg særleg vekt på fagleg utvikling og innovasjon på avdelinga, med fokus på nytenking og utvikling av framtidas
helseteneste. Dei siste to åra har avdelinga arbeidd med fleire
innovasjonsprosjekt, mellom anna heimesjukehus med intravenøs antibiotika,
heimeovervaking med sensorteknologi, og utvikling av utstyr til sentralt
venekateter. Vi har også «framtidas pasientrom» på avdelinga der vi testar ut
ny sensor – og velferdsteknologi. Dei tre fagområda har fagsjukepleiarar med
10% stilling knytt til fagutvikling.

Stillingane inngår for tida i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Som ein prøveordning ønskjer vi å tilby
arbeid kvar 4. helg med 12-timers vakter på helg. Tilsette kan då velje den
turnusen som passar best for seg, og velje mellom arbeid kvar 3. helg (A/D)
eller kvar 4. helg (12-timers vakter). Avdelinga vektlegg ein helsefremjande
turnus med minimal A/D vaktbelastning, samt moglegheit for å legge inn egne
ønsker for turnusen.

Ved intern omrokkering kan andre stillingar og anna stillingsprosent bli ledig, samt det er høve for ekstra
vakter.

Vi lyser no ut både faste og midlertidige stillingar for å auke kompetanse og bemanning opp mot innføringen
av helseplattformen.
Vi har ledige stillingar i ulike stillingstørrelsar og med høve til supplerande vikariat, også på natt. Oppgi
gjerne i søknaden kva stillingstørrelse som passar deg.

Hvis dette høyrest spanande ut, ser vi fram til å bli betre kjent med deg!
Ver venleg å laste opp dine attestar og vitnemål i søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
  • Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
  • Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
  • Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
  • Utøving av god omsorg til pasient og pårørande
  • Bidra til fagutvikling i avdelinga
  • Bidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeid
  • Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
  • Studentrettleiing (dersom nyutdanna, så har ein ikkje veiledaransvar før ein har jobba eitt år)

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • 3 års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
  • Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
  • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg, evt anna skandinavisk språk Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver

Personlege eigenskapar

  • Positiv og fleksibel
  • Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
  • Fagleg engasjert
  • Teamorientert
  • God kommunikasjon og samhandling
  • Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturer

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Kontaktinformasjon

Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, +47 99269202, marthe.farstad@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsebøen

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4768642806

Stillingsprosent: 80, 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 03.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsebøen, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
340992283
Sist endret
28. feb. 2024 02:39