Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Suldal kommune Nesflaten oppvekstsenter
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

2. gongs utlsying

Om stillinga

Frå og med 13.08.2024 til og med 15.08.2025 har me ledig 80% vikariat som Barne- og ungdomsarbeidar.

Om oss

I barnehagane i Suldal arbeidar me med "Være saman" programmet, slik at eg skal vera meg - men gi plass til andre slik at dei blir seg.
Det beste med å jobba i barnehage i Suldal er kanskje den rike naturen vår.  Den byr på undring og glede for borna våre og deg som har evne til å sjå på naturen som ein god læringsarena.
Nå treng me fleire dyktige kollega som vil vera med å skapa gode, læringsrike og trygge dagar for barna våre.

Jobben vil blant anna innebera:

Delansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
Omsetja teoretisk kunnskap i praksis.
Delansvar for vurdering og dokumentering.
Arbeid med barn ute og inne.

Kven søkjer me

Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
  • Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.

Kva kan me tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Andre opplysningar:

  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00

Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 57, 4244 Nesflaten
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
340968079
Sist endret
11. mars 2024 12:31