Inaktiv

Fagarbeidar / assistent 2024/25

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar / assistent
Frist
15.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stryn kommune har frå skule-og barnehageåret 2024/2025 i alt 7 skular og 7 barnehagar  i kommunen. Vi har 1 rein ungdomsskule og 1 kombinert barne-og ungdomsskule, resten er barneskular der 3 av desse er organisert i oppvekstsenter. Av barnehagane er 3 i kombinasjon med skule/SFO og 4 sjølvstendige barnehagar. 

Det kan bli ledig stillingar som fagarbeidar / assistent i skule, SFO og barnehage for skule-og barnehageåret 2024/25. Det vil gjelde både heil- og deltidsstillingar, fast og vikariat. Dette er fellesutlysing for kommunen, så dersom du kun søker til barnehage eller skule/SFO er det viktig at du skriv dette i søknaden. 



Arbeidsoppgåver

Assistentarbeid i skule og SFO eller på avdeling i barnehage.

Legge til rette og delta i leik og læring som del av utviklingsarbeidet for barna

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Ufaglært med relevant erfaring og motivasjon til arbeidet blir vurdert etter behov  

Relevant praksis vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevne

God evne til å kommuinisere på norsk, både munnleg og skriftleg 

Kan både samarbeide og jobbe sjølvstendig samt ta initiativ 

Evner til å sjå det enkelte barnet samt handtere ei større barnegruppe


Vi tilbyr

Spennande og varierte oppgåver i eit hektisk miljø

Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement 

Løn etter tariff

Gode pensjonsordningar i KLP

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato

Kontaktinformasjon

Eva Sefland, Nestleiar oppvekst , 91129033

Anne-Siv Jevnehagen, HR-avdeling , 57874734

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune



Referansenr.: 4771475452

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
340962507
Sist endret
28. feb. 2024 02:45