Sjukepleiar/vernepleiar som trivst med å arbeide på natt!
- Arbeidsgiver
- Heimetenester Midt-Telemark
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar - fast stilling!
- Frist
- 18.03.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du lyst å være ein del av eit nyoppretta natteam der du utfører sjukepleieroppgåver både ute i kommunen og inne på institusjon?
I natt teamet jobbar det 3 tilsette saman kvar natt. 2 sjukepleiarar og 1 helsefagarbeider. Den eine sjukepleiaren er stasjonert i Bø i lokala til omsorgsbustader knytt til sjukeheimen. Denne sjukepleiaren skal ikkje ha fast arbeidsliste på natt, men ha fokus på sjukepleieoppgåvene, som til dømes terminal pleie, antibiotika intravenøst, sjukepleieprosedyrer, akutte hendingar og liknande. Dei to andre i teamet handterer oppdraga som er ute i distriktet som ligg innunder heimetenesta og vedtak dei har. Feks medikamentshandtering, tryggleiksalarmar og liknande.
Stillingane er med arbeid tredje kvar helg. Heimetenesta har årsturnus som gir god oversikt og fleksibel arbeidskvardag.
Ei vanleg nattevakt som sjukepleiar/vernepleiar på natt kan sjå slik ut:
Arbeidsoppgåvene er som regel både spennande og overkommeleg, men ein veit aldri kva natta kan bringa fram av oppgåver til oss. Har nokon falt? Treng nokon antibiotika intravenøst? Er det ein PVK som trengs å bytast? Skjer det ei akutt hending? Har me nokon som er i den siste fasen av livet? Kanskje det er ein pårørande som treng nokon å snakka med? Oppgåvene kan vera mange og varierte. Ingen natt er lik.
Du må derfor bruka den faglege kompetansen din for å omprioritera og vera løysingsorientert for å utføra helsehjelpa forsvarleg. Det blir forventa at man jobbar effektivt og målretta og at man har pasientens beste som fokus. Kva er viktig for pasienten er visjon vi jobbar med. Om du i tillegg er god på sjukepleiefaget og har stort fokus på prosedyrer, dokumentasjon, tiltak og mål så håper vi verkeleg at du søker hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieprosedyrar
- Heilhetleg sjukepleie
- Medisinhåndtering
- Journalføring og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Er du ferdig utdanna sjukepleiar/vernepleiar i år så er du òg hjarteleg velkommen til å søkja.
- Journalføring og dokumentasjon
Ønska kompetanse
- Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Midt Telemark kommune
- Er du interessera i velferdsteknologi og fagleg utvikling blir me endå meir nysgjerrige på akkurat deg
- Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4.
Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. - Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du er effektiv og løysingsorientert
- Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resulta
- Du bidreg med godt humør og godt arbeidsmiljø, både på eiga avdeling og i heile verksemda.
- Du har gode fagkunnskapar og tek ansvar for å utvikla eigen kompetanse, samtidig som du bidreg til læring i heile arbeidslaget på avdelinga.
- Du samarbeider godt med kollegaer, pasientar , pårørande og andre samarbeidspartnarar.
Personleg egnethet tilleggast stor vekt.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med mykje godt humør
- Kantine til ansatte
- Gratis parkering
- Internundervisning
- Kurs og moglegheiter for videreutdanning
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intevju.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302Arbeidsstad
Gamleveg 463802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4770140546
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2024
Søknadsfrist: 18.03.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 340947972
- Sist endret
- 04. mars 2024 07:01