Inaktiv

Undervisningsstillingar skuleåret 2024-2025 1-7.trinn

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Undervisningsstillingar skuleåret 2024-2025 1-7.trinn
Frist
17.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi er stolte av det gode arbeidet som vert gjort av våre tilsette og ynskjer oss fleire lærarar med på laget. 

 Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2024. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt.

For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsetjingstidspunkt. 

Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart. 


Arbeidsstad

Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skule (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå: 

Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad - Tlf. 922 20 416 

Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus- Tlf. 975 8 0059 

Dale skule : Rektor Magnar Helland - Tlf. 488 80 331 

Stamnes oppveksttun: Rektor Line Eide Vik - Tlf. 915 13 114 

Eksingedalen oppveksttun: Rektor Liv Anne Bergo - Tlf. 976 53 458 

Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse og om du har høve til å starte før inneverande skuleår er omme. 


Krav til kompetanse
  • Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar) 
  • God digital kompetanse 
  • Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget 
  • Me ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa 
  • Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte

Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
  • er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar 
  • set eleven sitt beste i sentrum 
  • vektlegg tilpassa opplæring 
  • har god læreplanforståing og vurderingspraksis 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar 
  • har godt humør 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Vi oppmodar menn til å søkja. 

Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding. 


Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus 
  • Spanande og utfordrande stillingar 
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Slik søkjer du

Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. 


Kontaktperson

Direkte til ein av rektorane eller til: 

Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule
Mobil: 45376534,  jill.johansen@vaksdal.kommune.no 

Ann Kristin Bolstad, Kommunalsjef Oppvekst
Mobil: 977 59 760, ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no 


Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
340853415
Sist endret
28. feb. 2024 02:47