Inaktiv

Inntil 200 % vikariat frå 01.08.2024 - 31.07.2025

Arbeidsgiver
Rauland Skule Avd Skule
Stillingstittel
Fagarbeider barn
Frist
26.02.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med idrettsanlegg vegg i vegg og flotte turmoglegheiter og skiløyper i nærleiken. Skulen vår er ein 1-10 skule med om lag 170 flotte og engasjerte elevar.


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring ved tilsetjing.


Arbeidsoppgåver


• Assistent i skulefritidsordninga - SFO

• Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser

• Planlegge og legge til rette for leik, aktivitetar og samhandling med barn, både ute og inne


Kvalifikasjonar


• Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller vernepleiar

• Annan utdanning retta mot elevar i skulen vert også vurdert

• Erfaring frå liknande arbeid i skule / SFO kan kompensere for utdanning

• Erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelegging er ynskjeleg

• Gode munnlege og skriftlege nynorskferdigheiter


Personlege eigenskapar


• Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar

• Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar

• Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring

• Du er strukturert og overheld tidsfristar

• Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar

• Du tek ansvar og er profesjonell

• Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø


Me tilbyr


• Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne

• Kantine med gratis skulemat for elevar, og hyggeleg pris for tilsette

• Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø

• Løn etter avtale

• Gode forsikrings- og pensjonsordningar


Generell informasjon


• Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing

• Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden

• I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta

• Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette

• Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vinje kommune ynskjer å inkludere og leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne

• Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me planlegg å ha intervju i løpet av vekene 9 - 12

• Skulle det bli ledig fleire lærar- / fagarbeidar- / assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombelse eller faste) fram mot 01.08.24 vil ein vurdere å tilsetje etter same søkjarliste

Antall stillinger
2
Sted
Rjukanvegen 7, 3864 Rauland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
340847278
Sist endret
19. feb. 2024 10:05