Inaktiv

Vil du ha mogelegheit til å jobbe i verdas største vesle bygd?

Arbeidsgiver
Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
12.05.2024

Beskrivelse

Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommartid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg skulen. Nærmiljøet rundt skulen, som også blir nytta i samanheng med undervisning, er ulikt noko anna, med bratte fjell som kransar rundt bygda og den unike Geirangerfjorden. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med eit rikt elevmangfald. Barnetrinnet er todelt og ungdomstrinnet er udelt. Som lærar ved Geiranger skule har du ei unik mogelegheit til å skaffe deg erfaringar få andre skular kan tilby. Saman med eit sosialt og fagleg sterkt kollegium, Fjordsenter, verdsarvstifitnga og andre lokale aktørar har du fleire ressursar til å utvikle, tilpasse og utføre undervisninga di. Sjølve skulen er samlokalisert med barnehage, folkebibliotek og SFO.

For skuleåret 2024/2025 har Geiranger skule ledig:

  • 1 x 100% undervisningsstilling, vikariat

For å skaffe oss rett komeptanse vurderer Stranda kommune å bruke rekrutteirngstiltak som dekt husleige og tilleggsansiennitet.

Sidan dette er ein fådelt skule er det ynskjeleg med stor breidde i undervisningskompetanse, vi nemner spesielt norsk, framandspråk og samfunnsfag.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar vert varsla om dette blir gjort, jf Offentleglova § 25.

Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger har vi også ledig fast 100% stilling som pedagogisk leiar i Geiranger barnehage. Sjå ellers Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og NAV for oversikt over andre ledige stillingar.



Arbeidsoppgåver

  • Planleggeing og gjennomføring av undervisning i tråd med kompetansemåla
  • Klasse- og gruppeleiing
  • Arbeid med danning og dei grunnleggande ferdigheitene
  • Kartlegging og vurdering av læring
  • Drive tilpassa undervisning og oppfølging av elevar
  • Kontaktlærar med eit godt samarbeid med føresette og andre aktørar i skulen
  • Fagleg og sosial kompetanseheving saman med kollegiet

Kvalifikasjonar

  • Godkjend undervisningskompetanse
  • Primært grunnskulelærar 1 -7 eller grunnskulelærar 5 - 10
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar blir også vektlagt

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert.

Personlege eigenskapar

  • Du kan arbeide fleksibelt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du samarbeider godt i eit felles fagleg og sosialt miljø
  • Du er ansvarleg, trygg og ein tydeleg vaksen
  • Du klarer å opprette gode relasjonar til både elevar, kollegium og føresette

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med fokus på utvikling og kompetanseheving
  • Gode arbeidsforhold i unike omgjevnader
  • Høve til å vere med å påverke eigen arbeidskvardag
  • Oppfølging i arbeidskvardagen
  • Mogelegheit for vidareutdanning i samarbeid med aktueller aktørar
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr. 10 000/mnd og om det eventuelt skal brukast tilleggsansiennitet

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i SPK får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter. Les meir her:Offentleg tenestepensjon

Kontaktinformasjon

Joachim Fiskarstrand Røbekk, Einingsleiar, 46411179

Arbeidsstad

Maråkvegen 54

6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune



Referansenr.: 4766290609

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sted
Maråkvegen 54, 6216 Geiranger
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
340832767
Sist endret
29. apr. 2024 09:28