Inaktiv

Assistent/lærarvikar Omvikdalen skule

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Omvikdalen skule
Frist
08.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Omvikdalen skule er ein 1.-7. skule med 92 elevar. Vi har SFO frå 1.-4.trinn. ut juni treng vi assistent i klasserommet og vikarar.

Som assistent i klasserommet vil du gå lærar til hande og hjelpe elevane i klasseerommet, friminutt og på turar heile skuledagen. Som assistent på SFO vil du vera med å aktivisera elevane i ulike aktivitetar etter skuletid.

Vi treng òg lærarvikar. Her vil du få opplæring før du får ansvar for elevane åleine.

Vi vil intervjua og vurdera søkjararar etter kvart som det kjem søkjarar.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
  • Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
  • SFO

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge

Personlege eigenskapar

  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
  • Er lærevillig og utviklingsorientert
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
  • Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Generell god helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
340343741
Sist endret
28. feb. 2024 02:53