Inaktiv

Er du vår nye medarbeidar i Indre Ryfylke PPT?

Arbeidsgiver
Suldal kommune Indre ryfylke PPT
Stillingstittel
Pedagogisk Psykologisk Rådgjevar
Frist
15.03.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Frå og med 01.08.24 til og med 31.07.25 har me ledig vikariat på tilsaman 200 prosent som pedagogisk psykologisk rådgjevar ved Indre Ryfylke PPT.

Om oss 

Me søkjar ein person med eit positivt barnesyn som er fleksibel og løysingsorientert, har pågangsmot og interessert i medvirka i utviklingsarbeid. Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver, lika å samarbeida, og vera ein god relasjonsbyggjar.

Arbeidsoppgåver

Vera tett på skular med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid. Gje rettleiing til skular på system og individnivå. Bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skulen. Sakkunnig arbeid der lova krev det. Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov.

Kva kan me tilby

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
  • PP-tenesta har tilgong til bestilling av bil og el-sykkel ved behov.
  • Det kan vera behov for bruk av eigen bil.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Kven søkjer me?

  • Masterutdanning eller utdanning innan spesialpedagogikk, anna relevant utdanning kan og bli vurdert dersom det ikkje er søkarar med ønska kompetanse
  • Praksis erfaring frå arbeid som lærar i grunnskule er ønskjeleg
  • Gode kunnskap om spesialundervisning og tilpassa opplæring
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med fleirspråklege barn, unge og vaksne
  • Erfaring innan arbeid i PPT og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Andre opplysningar

  • Du må ha førarkort klasse B
  • Stillinga vil fortida ha kontor både i Suldal og Sauda kommune
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden
  • Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00

Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.

 

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høya frå deg.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eidsvegen 3, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Annet
FINN-kode
340336014
Sist endret
06. mars 2024 10:02