Inaktiv

Er du oppteken av å skape gode medarbeidaropplevingar?

Arbeidsgiver
TELEMARK BILRUTER AS
Stillingstittel
HR- og administrasjonsansvarleg
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

HR- og administrasjonsansvarleg Telemark Bilruter AS, Seljord
Telemark Bilruter AS er eit konsern med hovudkontor i Seljord kommune i Vest-Telemark. Verksemda er eit stort og viktig selskap for regionen, og har ambisjonar om vekst og berekraftig utvikling.

Me søkjer deg som er driven engasjert i å profesjonalisere leiinga og HR-funksjonane i Telemark Bilruter. Du har brukarane i fokus, skaffar deg innsikt i deira behov og er ein tilretteleggjar som vil vere med på vår reise. Er det deg me ser etter?

 

Ansvar og arbeidsoppgåver:



  • Totalansvar for HR-arbeidet i konsernet
  • Personalsaker og lønnspolitikk
  • Fraværsoppfølging 
  • Administrere tilsette sine forsikringar og pensjonsordningar
  • Rekruttering og kompetanseutvikling, og bidra til kursing og opplæring av leiarar og tilsette
  • Employer branding og omdømmebygging, byggje og vedlikehalde selskapets omdømme
  • HMS oppfølging
  • Organisasjonsutvikling og leiarstøtte
  • Bistå i intern og ekstern kommunikasjon
  • Bistå gjennom endringar og omstillingsprosessar
  • ISO-oppfølging og resertifisering

 

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:


Me søkjer ein leiar som har god pedagogisk tilnærming, sterk digital kompetanse og gode kommunikasjonsevner.

Du bør ha høgare utdanning, helst innan HR. Konsulent- eller relevant erfaring frå arbeid og prosess- og organisasjonsutvikling.

Du må ha ein strukturert og systematisk arbeidsmetode, og evne til å prioritere oppgåver.

Du bør kunne vise til gode resultat frå tidlegare relevant arbeid og vere flink med menneske.

 

Me tilbyr:


Dersom du ønskjer ein leiarstilling i Telemark, er dette ein god moglegheit. Her får du vere med i leiargruppa i eit stort selskap som har stor tyding for regionen. Selskapet er i vekst, har store ambisjonar om vidare utvikling, og eit tydeleg fokus på miljø og samfunnsansvar. Du vil bli ein del av leiargruppa i konsernet og jobbe saman med ein dyktig stab som er stolte av arbeidsplassen sin og som gjer sitt beste for at TBR skal vere kundane sitt førsteval.



For meir informasjon om stillinga, kan du kontakte ein av våre rådgjevarar i Skagerak Consulting: Geir Nordvold telefonnummer 938 28 100 eller Cathrine Svendsen, telefonnummer 926 06610.



For å unngå svindelforsøk, vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.



Skagerak Consulting AS er ein unik, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Vårt arbeid er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og sunn fornuft.

Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.no
Sektor
Privat
Sted
Industrivegen 1, 3840 Seljord
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering, Ledelse, Kontor og administrasjon
FINN-kode
340325261
Sist endret
28. feb. 2024 02:53