Psykiater/overlege

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykiater/overlege
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Møre og Romsdal styrkar det polikliniske tilbodet ytterlegare. I den samanheng søker vi etter psykiaterar som vil vere med å utvikle og bygge vidare på vårt tilbod ved Ålesund DPS poliklinikk psykisk helse.

Poliklinikken har i dag 42 behandlarstillingar fordelt på eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP- team og fire ulike allmennteam. Saman gir vi i dag eit breitt og variert tilbod til våre pasientar. Vi har spissa utredningskompetanse og stor breidde av behandlingstilnærmingar til ulike psykiatriske lidingar som behandlast i spesialisthelsetenesta. Vi har i dag 15 spesialistar fordelt på dei ulike teama.

Vi har dei siste åra arbeida med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Vi erfarer at dette gjer både arbeidskvardagen og det faglege tilbodet betre. Fagfolka har eit stort fokus på å utvikle vårt tilbod i tråd med behova til våre pasientar.

Vi styrkar no vårt eksisterande tilbod, samstundes som vi ønskar å utvikle eit nytt tilbod i form av eit Tidleg avklaringsteam. Målet er at flest mogleg pasientar skal få rett behandling til rett nivå, til rett tid.

Vi søker psykiaterar som likar å tenkje nytt, engasjerer seg i faget og pasientane, likar teamarbeid og samstundes kan jobbe sjølvstendig. Stillingane inngår i poliklinikken, då vi styrkar heile tilbodet.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV i webcruiter.



Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Deltaking i inntaksarbeid, i samarbeid med andre spesialistar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
  • Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS, og ellers i klinikken
  • Herunder deltaking i klinikkens vaktordning og oppfølging av pasienter på TUD

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i psykiatri
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste
  • Rekrutteringstillegg ved godkjent spesialisering
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omegn her.

Kontaktinformasjon

Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergveien 20

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4768815756

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell, Lege / Psykiater
FINN-kode
340323084
Sist endret
30. apr. 2024 09:10