100% fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
06.05.2024

Beskrivelse

100% fast stilling for vernepleiar- Eidesbrotet bofellesskap

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser no ut ein 100% fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet Bufellesskap. Arbeid i turnus med arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid

  • Legemiddelhandtering

  • Veiledningsansvar

  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.

  • Yte tenester etter gjeldande vedtak

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Utarbeide og følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar

  • Dokumentasjon i gjeldande IT verktøy

Me ser etter deg som:

  • har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar

  • handterer uforutsette situasjonar på ein faglig og etisk forsvarleg måte

  • liker å vere i fysisk aktivitet, kunne gå turar og følge brukarane på ulike aktivitetar.

  • meistrar norsk skriftleg og munnleg

  • er løysingsorientert og fagleg i di tilnærming til brukarane.

Erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.


Me tilbyr:

  • Spennende faglige utfordringar og meningsfylte arbeidsoppgåver

  • Opplæring og rettleiing

  • Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Me søker i hovudsak etter vernepleier, men andre med helse- og sosialfagleg bakgrunn på høgskulenivå vert vurderte.

Krav:

Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.

Kontaktpersonar for stillinga:

Simona Jurkiene,

Avdelingsleiar Eidesbrotet bufellesskap

tlf.nr 46905658, simona.jurkien@ullensvang.kommune.no

Harald Molven

Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma

Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
340303466
Sist endret
22. apr. 2024 06:45