Inaktiv

Psykolog/ psykologspesialist 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Psykolog 100 % fast stilling
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du psykolog eller psykologspesialist og brenner for barn og unges psykisk helse? Da er det deg vi er på jakt etter!

Vi har ledig 100% fast stilling som psykolog/ psykologspesialist i barne- og familietenestene. Stillinga kan også vere aktuell for psykologer i spesialisering.

Psykologtilbodet skal vere ein del av kommunen si lavterskelteneste, psykisk helseteam for barn og unge. Som psykolog vil du aktiv bidra til etablering, implementering og vidareutvikling av tilbodet. Målgruppa for tenestetilbodet er barn og unge (0-18 år)og deira familiar. Målet er at psykisk helseteam for barn og unge skal jobbe med utgangspunkt i eit ressurs- og familieperspektiv, alltid i tett samarbeid med andre tenester for barn og unge og før utfordringane vert for store. 

Stillinga som psykolog vil være todelt og omfatte klinisk arbeid og individuell oppfølging, samt systemarbeid, rettleiing og fagstøtte til personale og tenester rundt barn og familier. Vi er opptatt av kollegarettleiing og gjensidig støtte i det daglege arbeidet, der du som psykolog med din kompetanse vil spele ei særs viktig rolle. Vi vil også legge til rette for eit samarbeid mellom deg og psykolog ved Psykisk helse og Rus. Einingsleiar for barne- og familietenestene vil vere din næraste overordna.

Psykisk helseteam for barn og unge vil vere organisert og lokalisert under barne- og familietenestene i lag med med helsestasjonstenesta, barneverntenesta, flyktningtenesta, PPT og familieteam. Desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak. 



Arbeidsoppgåver

  • System- og kvalitetsarbeid i kommunen i samarbeid med andre aktuelle instanser
  • Klinisk arbeid med kartlegging og individuell oppfølging ved behov
  • Vidareutvikling av tenestetilbodet i eininga i samarbeid med einingsleiar
  • Rettleiing og fagstøtte til personell og tenester som arbeider mot målgruppa
  • Deltaking i ressursteam på den vidaregåande skulen i kommunen
  • Førebyggande arbeid med fokus på livsmestring
  • Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent psykolog med norsk autorisasjon
  • Ønskjeleg med klinisk erfaring frå psykososialt arbeid med barn og unge og deira familier
  • Forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
  • Ønskjeleg med erfaring frå rettleiing og systemarbeid
  • Gode norskunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å motivere, inspirere og rettleie
  • Evne til å formidle kunnskap
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Evne til å sjå ressurser og løysinger 

Vi tilbyr

  • Ei interessant og spennande stilling med stor innflytelse og varierte oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg samarbeid
  • Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
  • Fagleg og personleg utvikling gjennom deltaking i nettverkssamlingar for kommunepsykologar
  • Moglegheit for tilrettelegging for relevant spesialisering/vedlikehald av spesialisering etter avtale
  • Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
  • Gratis parkering

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden

Kontaktinformasjon

Carolin Urke, Einingsleiar for Barne- og familietenestene, 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no

Linda Hovland, Kommunalsjef oppvekst, 95240044, linda.hovland@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4766144136

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 20, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
340073566
Sist endret
12. apr. 2024 09:01