Inaktiv

Sjukepleiar 100% fast ved Rus- og psykiske helsetenester

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Frist
08.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stilling 

Som sjukepleier i Oppfølgingstenesta yt ein tenester og hjelp til menneske med rus og psykiske vanskar. Sjukepleiar har ansvar for å gje forsvarleg og nødvendig helsehjelp, medikamenthandtering, koordinering, oppfølging av pakkeforløpet, deltaking på ansvarsgruppemøter og deltaking/koordinering av IP. 

Overordna mål er å gje helsehjelp for å betre brukarane si fysisk og psykisk helse. Dette gjerast både gjennom oppfølging av brukarar i LAR, vedtaksbestemt oppfølging og lågterskelarbeid.  

 

Arbeidstad er på Husnes i Oppfølgingstenesta. 

Stillinga er 100% fast i helsefremmande turnus der 2 veker med dagvakter(5+3), 1 veke med kveldsvakter(4) og 1 veke med 1 dagvakt og langvakter(3) på helg. I løpet av 4 veker har ein 3 perioder med tredagers-langfri. 

 

Tilsetjing juni 2024. 

  

Kvalifikasjonar 

- Autorisasjon som Sjukepleiar  

- Vidareutdanning i rus og/eller psykisk helsearbeid kan vere eit føremon. 

- Førarkort klasse B. 

Andre med relevant helsefagleg høgskuleutdanning kan også søkje på stillinga..  

 

Personelge eigenskapar 

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

- Du må ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg. 

- Du må trivast i eit periodevis travelt miljø 

 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga. 

 

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. 

 

Vi tilbyr 

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 

Gode arbeidstilhøve. 

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  

søknaden din. 

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §  

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
339921543
Sist endret
28. feb. 2024 02:59