Inaktiv

Bid Manager

Arbeidsgiver
Ulstein Power & Control AS
Stillingstittel
Bid Manager
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du å bli ein del av eit dyktig og engasjert team?

Ulstein Power & Control arbeider med fleire innovative grøne løysingar og system innan Power og Automasjon. Vi har ein langsiktig horisont med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag, og gler oss over mykje aktivitet.
Vi er på jakt etter ein Bid Manager som ønskjer å bidra til å vidareutvikle salsavdelinga i selskapet, og være ein del av eit framoverlent og dyktig team. Stillinga rapportera til Sales Manager.

Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og kontor ved Moa i Ålesund.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande



Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Bid Manager vil du få ansvar for å leie og organisere kalkulasjonsarbeidet. Stillinga har ein viktig funksjon i selskapet, der du vil ha direkte kontakt med eksterne kundar og leverandørar. I salsfasen er du bindeleddet mellom sals-, teknisk- og juridiskavdeling, og du vert ein aktiv medspelar i arbeidet med utviklinga av framtidig produktportefølje.

Andre relevante arbeidsoppgåver er å

- utarbeide kalkylar og kvalitetssikre kostnader gjennom salsprosessen
- utarbeide salsdokumentasjon og kontraktsforslag
- delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
- foreta "handover" til organisasjonen etter kontraktsignering

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som har erfaring med sal og gjerne har utdanning innan elektro. Du har god forståing og interesse for elektrosystem for skip, og brenn for kontinuerlig forbetring og for å finne dei gode løysingane.

Vidare ser vi for oss at du
- ser etter moglegheiter for forbetring av eksisterande prosessar og rutinar
- er resultatorientert og trivast med lagarbeid for å nå felles mål
- er strukturert, framoverlent og nysgjerrig

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

I hjartet av Sunnmøre

Ulsteinvik er ein flott plass i hjartet av Sunnmøre. Omkransa av holmar, skjer og hav med moglegheit for padling, surfing og fisking og i tillegg fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski.Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, sandstrender, klivrehall, restaurantar og butikkar. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne

Kontaktinformasjon

Marita Stakkestad Hanstveit, Rekrutteringspartner HAMNØY AS, +4745253909

Jan Tore Hamnøy,, Rekrutteringsparner HAMNØY AS, +47 411 02 200

Arbeidsstad

Osnesvegen 110

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS



Referansenr.: 4767754068

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling, Salg, Prosjektledelse
FINN-kode
339919631
Sist endret
03. mai 2024 09:52