Inaktiv

Stillingar på Øystre Slidre helsetun- sjukepleiarar og helsefagarbeidarar

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Stillingar på Øystre Slidre helsetun- sjukepleiarar og helsefagarbeidarar
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du motivert, fagleg dyktig og ønskjer å jobbe i moderne lokale? Vi søkjer sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til stillingar i Førebygging og meistring og i Institusjon.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun, og velferdsteknologi er eit satsingsområde. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. 

Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/rehab og omsorgsbustader. 

Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi gjev tilleggsansiennitet til sjukepleiarar. 
Vi har to-delt turnus for dei som jobbar  på dagtid.

 

Ledige faste stillingar:
Smørkøll (korttid/avlastning):

  • Sjukepleiarstilling på 80,10%

heimetenesta og bustad:

  • Sjukepleiarstillingar på 100%, 85,09%, 80,05 og 85,09 %

Institusjon:

  • Natt: Sjukepleiar på 26,76% og 75,82%
  • Midthøgde (langtid): Sjukepleiar på 90,08 og 71,30%
  • Juvike (demens): helsefagarbeider på 79,46 %

 

Det er også ledige helgestillingar, og vi søkjer etter tilkallingsvikarar. Det kan bli fleire ledige stillingar. 

 



Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • Studentar kan bli vurdert til stillingane
  • Personar med interesse for, og erfaring frå, faget kan bli vurdert til helgestillingane
  • Gode norskkunnskapar
  • Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4

Personlege eigenskapar

  • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
  • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar 
  • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • Kompetanseheving
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309

Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, +47 90525192

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4766427580

Stillingsprosent: 100, 85,09, 80,1, 80,05, 26,76, 75,82, 90,08, 71,3, 79,46%

Fast

Søknadsfrist: 03.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
339914488
Sist endret
28. feb. 2024 02:59