Inaktiv

Helsefagarbeider ved Svingen og Reini bufellesskap

Arbeidsgiver
Vinje Kommune Svingen og Reini bufellesskap
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenestar til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulik trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie og omsorg, veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.


Me har eit godt arbeidsmiljø, me er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre, og me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.


Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.


Arbeidsoppgåver


  • Skape gode dagar for den enkelte bebuar iht dennes ressurser og interesser
  • Ivaretaking av den enkelte bebuar sitt behov i eit livsløpsperspektiv
  • Målretta miljøarbeid og helseoppfølging hjå bebuarane
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.

Kvalifikasjonar


  • Me søkjer primært deg med ein helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Norsk kunnskap nivå B2.
  • Har førarkort klasse B for Manuelt gir

Personlege eigenskapar


  • Bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
  • Løysingsorientert
  • Evne til å skape gode relasjonar til bebuarar, pårørande og andre samarbeidspartnerar
  • Er fleksibel og strukturera
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Erfaring frå helse og omsorgsarbeid.
  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt

Me kan tilby


  • Løn etter gjeldande tariff
  • God opplæring og oppfylgjing som nytilsett
  • Fagleg rettleiing og kompetanseheving
  • Gode velferdsordningar med tilbod om bading og trening i kommunale anlegg
  • Aktivitetskort (personaltrim)

Krav om politiattest til stillinga.


I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Sted
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
339576653
Sist endret
28. feb. 2024 03:01