Inaktiv

Vernepleiar

Arbeidsgiver
Vinje Kommune Svingen og Reini bufellesskap
Stillingstittel
Vernepleier
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein erfaren eller nyutdanna vernepleiar, du er velkomen til å søkje!!
Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenestar til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie og omsorg, veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.

Me har eit godt arbeidsmiljø, me er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre, og me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.


Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.


  • Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg. 35,5 t/veke
  • Det er krav om politiattest til stillinga

Faglege kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar kan også søkje
  • Ynskeleg med erfaring frå miljøarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B for manuelt gir

Me ser etter deg som:
  • Brukar fagkunnskapen din i det daglege arbeidet, og delar kunnskap med andre
  • Er fleksibel og strukturert
  • Tek ansvar, er tydeleg og kan sei ifrå når det trengs
  • Er engasjert, blid, har godt humør og bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø
  • Arbeider sjølvstendig og i team
  • Skaper trygge, gode relasjonar til bebuarar, pårørande og kollegaer

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt


Me kan tilby:
  • Vernepleierar får eit lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff i 100% stilling ved Svingen/Reini bufellesskap.
  • God opplæring og oppfylgjing som nytilsett
  • Fagleg rettleiing og kompetanseheving.
  • Gode velferdsordningar med tilbod om bading og trening i kommunale anlegg
  • Aktivitetskort ( personaltrim)

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Sted
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
339576571
Sist endret
28. feb. 2024 03:01