Inaktiv

Lege i spesialisering (ALIS) Smertepoliklinikk og Fedmepoliklinikk

Arbeidsgiver
Smertepoliklinikk, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering (ALIS) Smertepoliklinikk og Fedmepoliklinikk
Frist
13.05.2024

Beskrivelse

Vi har ledige stillingar for Lege i spesialisering (ALIS) Smertepoliklinikk og Fedmepoliklinikk

Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med komplekse smerteproblem under leiing av anestesilegar med spesialkompetanse i smertebehandling. Teamet består av sjukepleiar, lege, fysioterapeut og psykolog. Smerteklinikken samarbeider også med andre avdelingar på sjukehuset. Vi har ledig:

  • 50% stilling som ALIS ved Smertepoliklinikken, Ålesund sjukehus

Overvektspoliklinikken ved Ålesund sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt tilbod til pasientar med alvorlig fedme i Møre og Romsdal. Poliklinikken er organisert under kirurgisk avdeling, men tilbodet er tverrfagleg og endokrinolog, kirurg, klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleier og andre faggrupper deltar i pasientbehandlinga. Tilbodet omfattar utgreiing og oppfølging etter både kirurgisk og medisinsk fedmebehandling. Her har vi ledig:

  • 50% stilling som ALIS ved Fedmepoliklinikken, Ålesund sjukehus

Allmennlege som treng sjukehusteneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert, men lege med anna bakgrunn kan og søke. Stillingane kan kombinerast om ein ønsker heil stilling.

Dei midlertidige stillingane er i 6 eller 12 månedar, dato for oppstart kan avtalast entan på vår eller haust 2024.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.

       

Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjonar ved dei to poliklinikkane under fagleg rettleiing
  • Tverrfaglege møter
  • Moglegheit for å delta i forskning og fagutviklingsprosjekt 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskaper skriftlig og munnleg
  • Allmennlege som treng sjukehusteneste som ein del av si spesialisering vil bli prioritert, men lege med anna bakgrunn kan og søke. 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for dei aktuelle pasientgruppene
  • Empati
  • God evne til pasientkommunikasjon med tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11, Kristen.Rasmussen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4765618948

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 13.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
339563312
Sist endret
08. apr. 2024 02:18