Inaktiv

Forlenga søknadsfrist - 50% fast stilling som landbruksvikar

Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Landbruksrådgiver
Frist
25.02.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tokke kommune søkjer etter landbruksvikar i 50 % stilling!


Landbruket er ei viktig næring i kommunen vår, og det er eit sterkt ynskje om å oppretthalde aktivitet og sysselsetjing. Tokke kommune har ein variert husdyrproduksjon. Det er ei overvekt av sauebesetningar, men vi har også produsentar som driv med mjølkeproduksjon på kyr og geit, ammekyr og -geit, og grovfôrprodusentar.


For å kunne gje bonden ein meir forutsigbar kvardag, fortrinnsvis avløysing ved sjukdom og fødsel, ynskjer vi å tilsetje ein landbruksvikar i 50 % stilling. Det vil også vere høve til avløysararbeid ved ferie og fritid.


Arbeidsoppgåver


  • Fjøsarbeid som mjølking, fôring og stell
  • Ekstrahjelp i travle periodar som t.d. lamming/kjeing/kalving
  • Arbeid i samband med gjerding, slått og enkelt vedlikehaldsarbeid
  • Delta på relevante avløysarkurs

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar


  • God kjennskap til og interesse for landbruk
  • Agronomutdanning og/eller relevant praksis frå tradisjonelt gardsarbeid
  • Pliktoppfyllande, sjølvstendig og fleksibel. Ha god arbeidslyst og vere glad i dyr
  • Evne til å handtere og løyse krevjande situasjonar
  • Strukturert, ryddig og ha gode kommunikasjonsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Du må kunne møte på kort varsel i akutte situasjonar. Kort arbeidsveg er derfor å føretrekke
  • Det er krav om førarkort for bil, og ynskjeleg for traktor
  • Beherske norsk, munnleg og skriftleg

Me kan tilby


  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver hjå trivelege og kunnskapsrike bønder
  • Løn etter nærare avtale og kvalifikasjonar
  • Pensjonsordning og ordna arbeidstilhøve

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.


Spørsmål ved stillinga kan rettast til jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland, tlf. 35075242, e-post: gunnhild.breiland@tokke.kommune.no


Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.


I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.


Søknad skal sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no


Forlenga søknadsfrist: 25. februar 2024


Velkomen som søkjar!

Sektor
Offentlig
Sted
Storvegen 60, 3880 Dalen
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Konsulent
FINN-kode
339556993
Sist endret
09. feb. 2024 01:21