Inaktiv

Fagarbeidar / assistent i skulen inntil 100% fast stilling frå 01.08.24

Arbeidsgiver
Edland Skule
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Frist
26.02.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Edland skule har ledig inntil 100% fast stilling som fagarbeidar / assistent i skulen frå 01.08.2024.


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring ved tilsetjing.


Arbeidsoppgåver


  • Assistent i skulefritidsordninga - SFO
  • Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser
  • Skulematordning
  • Planlegge og legge til rette for leik, aktivitetar, SFO-måltid og samhandling med barn, både ute og inne



Kvalifikasjonar


  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Annan utdanning retta mot elevar i skulen vert også vurdert
  • Erfaring frå liknande arbeid i skule / SFO kan kompensere for utdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelegging er ynskjeleg
  • Gode munnlege og skriftlege nynorskferdigheiter



Personlege eigenskapar


  • Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksen
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring og leik
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert i leik og samhandling med barn



Me tilbyr


  • Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne
  • Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar



Generell informasjon


  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette
  • Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vinje kommune ynskjer å inkludere og leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me planlegg å ha intervju i løpet av vekene 9 - 12
  • Skulle det bli ledig fleire lærar- / fagarbeidar- / assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombelse eller faste) fram mot 01.08.24 vil ein vurdere å tilsetje etter same søkjarliste
  • Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.vinje.kommune.no

Søknadsfrist: 26.02.24

Sektor
Offentlig
Sted
Storegutvegen 48, 3895 Edland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
339515202
Sist endret
09. feb. 2024 06:35