Inaktiv

Rektor - Malmanger skule

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Malmanger skule
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kvinnherad kommune søkjer rektor (einingsleiar) til Malmanger skule.

Malmanger skule ligg sentralt til ved fjorden, under dei bratte fjella i naturskjønne Rosendal. I skulen sitt nærområde ligg også m.a. Rosendal ungdomsskule, Folgefonna nasjonalparksenter og Baroniet Rosendal.

Skulen har 114 elevar og er ein barneskule organisert med rektor, team- leiarar, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og etablert ressursteam.

Skulane i Kvinnherad er ein del av Sektor oppvekst. Som rektor vert du ein del av Sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam.

 

Arbeidsoppgåver 

Ansvar for den daglege drifta av skulen, pedagogisk arbeid, utvikling- og kvalitetsarbeid, personal- og økonomiansvar. Legge til rette for samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod.

 

Vi søker ein leiar som
  • har pedagogisk utdanning og -erfaring
  • har leiarutdanning og -erfaring
  • har evne til å inspirere og drive ein lærande organisasjon
  • er målretta, systematisk og har evne til å gjennomføre
  • evnar å samarbeide og samhandle med alle partar i skule- og arbeidsliv

 

Vi tilbyr

 

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Vidareutdanning i leiing
  • Fellesskap i kommunen sitt leiarteam og faglege nettverk
  • Positivt og stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • God pensjonsordning
 Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
339429603
Sist endret
28. feb. 2024 03:03