Sjukepleiar 100% fast stilling
- Arbeidsgiver
- Kvinnherad kommune Heimetenester nord
- Frist
- 25.02.2024
Beskrivelse
Kvinnherad kommune er eit Noreg i miniatyr. Vi er omgitt av mektige fjell og idyllisk skjergard, og for deg som likar friluftsliv er dette ein god stad å leva. Kommunen byr på eit spanande næringsliv. Kulturlivet er mangfaldig; festivalar med tema innanfor mellom anna kammermusikk, rock, mytologi og fiske. Kvinnherad er eit samfunn med trivelege bygder som gjev gode og trygge oppvekstvilkår. Vi har kring 13 100 fastbuande i kommunen. Husnes er regionssenter med vidaregåande skule og handelssenter. Rosendal er turistbygda med administrasjonssenter og Noregs einaste baroni. Kommunen grensar til Hardanger og ligg i idylliske Sunnhordland, med Haugesund og Bergen som nærmaste byar.
Eininga har fokus på fag og fagutvikling. Eininga starta opp med årsplan og langvakter på helg i 2024.
Bufellesskap i tillegg til ordinær heimeteneste, dagsenterdrift.
Heimetenester Nord søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.
Tilsetjing: 15.04.24
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte sjukepleie til pasientar
- Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysningar
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningslinjer og prosedyrar
- Ha sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og på andre grupper når det er behov for det
- Jobbe tverrfagleg med ulike profesjonar
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innan sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring.
- Studentar som går siste året på sjukepleiarutdanning vert og oppmoda til å søkja. Ein føresetnad for fast arbeid er autorisert sjukepleiar til våren.
- Relevant arbeidserfaring.
- Gode IT-kunnskapar.
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning; om ein ikkje får kvalifisert søkjar kan ein vurdera helsefagarbeidar til stillinga, då i eit vikariat.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til samhandle og arbeide tverrfagleg
- Likar utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar med ulike behov, på ein verdig og respektfull måte
- Handtere tidvis travle periodar og høgt tempo. Du må vera fleksibel og endringsvillig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Det er elektronisk søknad:
Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.
Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sted
- Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 339399673
- Sist endret
- 08. feb. 2024 07:06