Inaktiv

Miljøterapeutar i medleverturnus/nattevakter i nytt butiltak

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i fem avdelingar; Barnevern, PPT, helsestasjon, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen avlastningsbustad. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

Omtale av stillingane:

Vil du arbeide i ei eining der du dagleg bidreg til å gje andre menneske eit godt liv, samtidig som du vert tilbydd ein jobb med spanande utviklingsmoglegheiter? Vil du vere med å bygge opp ei ny avdeling? Velkommen til eining Barn og familie i Kvinnherad kommune!

Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for ungdom. Du som gledar deg over "dei små tinga" og er dyktig til å skape relasjon til ungdom. Vår avdeling vil gje omsorg til ungdom med ulike ressursar, utfordringar og behov. Dette krev at du er fleksibel, open, imøtekommande, nysgjerrig, tillitsbyggjande og omsorgsfull, samtidig som du ikkje er redd for å stå i vanskelege situasjonar. Du må ha stor arbeidskapasitet, og evne til rask omstilling i ein hektisk kvardag.

Du må vidare vere arbeidsvillig og fagleg engasjert, samt kunne jobbe sjølvstendig og i team. Har du relevant erfaring, der du tidlegare stått i vanskelege og utfordrande situasjonar - og tenkjer at du har noko å bidra miljøterapeutisk? Då bør du søkje!

Eining Barn og familie har 8 x 100% faste stillingar ledig i kort medleverturnus frå 01.09.24. Vi har og behov for 2 våkne nattevakter i 100% stilling, med 2. kvar helg. I tillegg vil best mogeleg kjønnsfordeling bli vektlagt ved tilsetting. 

Kvifor burde du arbeide hos oss?

Vi kan tilby ein meiningsfull og gjevande jobb, der du ser kva din innsats betyr for ungdom du arbeider med.

Fagleg og personleg utvikling for våre tilsette er høgt prioritert hos oss. Vi vil legge til rette for komeptanseheving og oppfølging. Fagansvarleg og avdelingsleiar er tett på tilsette og tilgjengeleg for samtale og rettleiing.

Du vert del av eit sterkt kollegialt miljø, der vi tek vare på- og heiar på kvarandre.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøterapeutisk arbeid 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Rapportering og dokumentasjon av miljøterapeutiske arbeid
  • Praktisk bistand og omsorg/pleie

Kompetanse:

Utdanningskrav: 3-årig bachelor i vernepleier, sosionom eller barnevernspedagog, men andre med relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert.

  • Erfaring frå medleverturnus 
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vert vektlagt
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • Er imøtekommande og har utprega evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner, god kommunikasjonskompetanse og ansvarsforståing
  • Er trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande åtferd
  • Løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • God kunnskap i norsk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God datakunnskap

Vi tilbyr:

  • Jamleg internundervisning og gode moglegheiter for kompetansehevande tiltak.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
339328431
Sist endret
28. feb. 2024 03:03