Inaktiv

Fagleiar 100% fast i nytt butiltak

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i fem avdelingar; Barnevern, PPT, helsestasjon, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen avlastningsbustad. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

Omtale av stillinga

Vil du arbeide i ei eining der du dagleg bidreg til å gje andre mennesker eit godt liv, samstundes som du vert tilbydd ein jobb med spanande utviklingsmoglegheiter? Vil du vere med å bygge opp ei ny avdeling? Velkommen til eining Barn og familie i Kvinnherad kommune!

Vi søker ein fagleiar for butiltak for barn og unge, der 10 tilsette vil arbeide i medleverturnus/nattevakter - vi ser etter deg som set barn sine behov først, og som er i stand til å skape eit trygt og varmt miljø for barn og unge som har det krevjande i livet. Du klarar å forstå uttrykk for smerte og avvisning, og møter utryggheit med tryggheit.

Du har generelt god arbeidslyst og godt humør, og er ikkje redd for å bli utfordra av ungdomar eller medarbeidarar. Du likar varierte arbeidsdagar. Stillinga vil innebere administrativt arbeid med turnusplanlegging, økonomistyring og fagansvar på avdelinga. Som fagleiar skal du bidra til at arbeidet vert kvalitetssikra, at avdelinga følg opp interne og eksterne krav, og at avdelinga si praksis er i tråd med lovverk, avtalar, retningslinjer og planar.

Her vil du som fagleiar få høve til å vera med og bygge opp tiltak kring ungdom frå start.

Eining Barn og familie har ledig 100% fast stilling som fagleiar i nytt butiltak frå 01.08.24. Du vert fagansvarleg for tiltaket både administrativ, men også utøvande - med arbeid stort sett dagtid, 37,5 t/v. Noko ettermiddagsarbeid må påreknast.

Kvifor burde du arbeide hos oss?

Vi kan tilby ein meningsfull og gjevande jobb, der du ser kva din innsats betyr for ungdom du arbeider med.

Fagleg og personleg utvikling for våre tilsette er høgt prioritert hos oss. Vi vil legge til rette for kompetanseheving og oppfølging.

Du vert del av eit sterkt kollegialt miljø, der vi tek vare på og heia på kvarandre.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, koordinering og dagleg drift av tiltaket
  • Delegert personalansvar og økonomiansvar
  • Ansvar for protokoll og rapportering
  • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling
  • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon
  • Sikre naudsynt rettleiing av tilsette i tiltaket
  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Støttesamtalar, rettleiing og oppfølging
  • Tverrfaglig samarbeid 

Kompetanse:

Utdanningskrav: 3-årig bachelor i vernepleier, sosionom eller barnevernspedagog, men andre med relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert.

  • Erfaring frå tilsvarande stilling vil bli vektlagt
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
  • Kjennskap til lovgjeving innanfor området
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vert vektlagt
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • Evne til å leia og motivera medarbeidarar
  • Engasjement for førebyggjande arbeid
  • God organisasjonsforståing
  • Utviklingsorientert, målretta og resultatorientert
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Er imøtekommande og har utprega evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner, god kommunikasjonskompetanse, er strukturert og har ansvarsforståing
  • Er trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande åtferd 
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Har gjennomføringskraft
  • God kunnskap i norsk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God datakunnskap

Vi tilbyr:

  • Jamleg internundervisning og gode moglegheiter for kompetansehevande tiltak
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
339328427
Sist endret
28. feb. 2024 03:03