Vikariat som reinhaldar i Øyfjell
- Arbeidsgiver
- Vinje Kommune Reinhald Og Tekstil
- Stillingstittel
- Renholdsarbeider
- Frist
- 23.02.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
TDI - reinhald og tekstil
Ledig ein 50 % og ein 40 % vikariat stillingar som reinhaldar for tida ved Øyfjell oppvekstsenter og Øyfjell barnehage frå snarast og fram til og med 31.07.24. Det er mogleg å kombinere stillingane. I stillinga på skulen er arbeidstida 5 dg i veka og 3,75 t pr dag. I barnehagen er det 5 dg/v og 3 timar pr dag. I sommarferien kan det bli aktuelt å bli flutt på helsesenteret på reinhald når barnehagen og skulen er stengt.
Saksnummer: 2024/482
Arbeidsoppgåver: Regelmessig/dagleg reinhald, smittereinhald, periodisk og hovudreingjering, bruk av golvvaskemaskiner m.m.
Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar
Me søkjer ein sjølvstendig og resultatorientert person med godt humør og gode evner til samarbeid
• Utdanning innan fagområdet som reinhaldsoperatør
• Erfaring innan reinhald
• Fordel med reinhaldserfaring innan skule, barnehage og helse- og omsorgsinstitusjonar
• Utføre arbeidsoppgåver etter beste kommunal reinhaldspraksis.
• Gode haldningar og evna til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar
• Gode samarbeidsevner, kunne jobbe i team og høg grad av fleksibilitet
• Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine
• Forstå og snakke godt norsk, minimum nivå B1
• Må ha førarkort
• Krav til politiattest
Me kan tilby:
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
• Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen -- ergonomisk og psykososialt
• Løn etter gjeldande tariff
• Betalt matpause
• Gode barnehagetilbod
• Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Signe Bjørg Solberg, tlf 90010867.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå Vinje kommune sine heimesider.
Søknadsfrist:23.02.24
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Øyfjell oppvekstsenter og barnehage, 3890 Vinje
- Stillingsfunksjon
- Renhold, Annet
- FINN-kode
- 339282882
- Sist endret
- 08. feb. 2024 02:06