Inaktiv

Er du sjukepleiar og har lyst til å arbeide natt? 

Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post Valen, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar og ønsker å jobbe på natt? Bli ein del av vårt team på akuttposten!

Akuttposten ved Valen sjukehus har åtte behandlingsplassar for Folgefonn DPS og Stord DPS sitt opptaksområde. Vår oppgåve er å utføre gode psykiatriske vurderingar, gje fokusert og kortvarig behandling, eller tilvise til behandling på rett nivå.

Er du klar for å bli ein del av vårt team? Søk og bli vår neste sjukepleiar på akuttposten ved Valen sjukehus!



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Hos oss er det viktig at du

  • Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Er initiativrik, interessert og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Er tilpasningsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og fagleg gode haldningar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
  • Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4762816581

Stillingsprosent: 75%

Fast

Startdato: 29.04.2024

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
339017189
Sist endret
26. mars 2024 08:52