Inaktiv

Ambulansepersonell, ferievikar

Arbeidsgiver
Klinikk for medisinske tenester og beredskap, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Ambulansepersonell, Ferievikar
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ambulansetenesta i Helse Fonna består av 10 ambulansestasjonar i Nord- Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Stasjonane er lokalisert i kommunane Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Suldal, Sauda, Odda, Tysnes, Kvinnherad, Stord og Bømlo. Tenesta har ca 160 medarbeidarar. Ved ambulansetenesta i Helse Fonna har vi behov for dyktige vikarer frå og med veke 25 til og med veke 33 i 50 - 100% stilling.

I ambulansetenesta vil du inngå i et fagleg dyktig miljø, i eit vennleg og inkluderende arbeidsmiljø. Hos oss vil du få en spennande og variert arbeidsdag i en teneste i utvikling. Du må kunne ta raske og riktige avgjerd, kunne jobbe sjølvstendig og vere komfortabel med å kjøre utrykkingsbil.

Skriv i prioritert rekkjefølge kva stasjon du ønskjer å jobbe ved. Dersom du ikkje ønskjer å arbeide heile perioden veke 25-33, må du skrive ønska arbeidsperiode i søknaden. Søkere som kan jobbe største delen av perioden vert prioritert.

Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.



Arbeidsoppgåver

Behandling og transport av pasientar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag.
  • Autorisasjon Paramedisin
  • Utdanning som tilfredstillar minstekrava i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
  • Må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Fysisk test for ambulansetenesta vil bli arrangert før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på god fysikk, evne til å kunne jobbe i team og personlege eigenskaper.
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Roger Lynghamar, Avdelingsleder, 92664841, E-post:roger.lynghamar@helse-fonna.no

Svein Oddvar Moen, Avdelingsleder,  90549153, svein.oddvar.moen@helse-fonna.no

Lene Pedersen, Avdelingsleiar - ambulanseavdeling 2, +47 91560352, lene.pedersen@helse-fonna.no

Nelly Karin Oma-Røstbø, Funksjonsleder, 97526516, nelly.karin.oma-rostbo@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4761928890

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.02.2024


Sted
Karmsundgata, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Annet
FINN-kode
338632920
Sist endret
02. feb. 2024 02:20